Vil lovfeste tidleg innsats og auka fysisk aktivitet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Nyhet | Dato: 03.04.2009
Regjeringa har gjort framlegg om å lovfeste plikt til å gi tidleg innsats i faga norsk eller samisk og matematikk på 1.–4. steget, og innføre to veketimar med fysisk aktivitet for elevar på barnesteget.
Regjeringa har gjort framlegg om å lovfeste plikt til å gi tidleg innsats i faga norsk eller samisk og matematikk på 1.–4. steget, og innføre to veketimar med fysisk aktivitet for elevar på barnesteget.
Ot.prp. 55 (2008 – 2009): Om lov om endringar i opplæringslova og privatskolelova.
Plikt til tidleg innsats
I dag er det for mange elevar som ikkje skaffar seg dei grunnleggjande lese- og reknedugleikane i dei første skuleåra. Å vere oppteken av dei grunnleggjande dugleikane tidleg i skuletida er nødvendig for å sikre den faglege utviklinga. Ei plikt til tidleg innsats i faga norsk eller samisk og matematikk på 1.–4. steget er eit tiltak for å sikre tidleg oppfølging av den enkelte og å betre læringsutbyttet i grunnskuleopplæringa. Plikta til tidleg innsats utløyser eit auka behov for lærarar. Kostnadene i 2009, 430 mill. kroner, blir dekte av den delen av dei frie inntektene til kommunane som no blir frigjorde ettersom utskiftinga av nye læremiddel tilpassa Kunnskapsløftet er gjennomført. Desse midla blir førte vidare i kommuneramma. Frå 2010 får kommunane kompensasjon for heilårsverknaden.
Auka fysisk aktivitet i grunnskolen
Som del av målsetjinga om ein utvida skuledag på barnesteget er det viktig å leggje opp til ein meir variert skuledag og betre læringsutbytte for elevane. Innføring av to veketimar til fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget vil gi positive effektar, samstundes som det vil vere eit helsefremjande tiltak for enkelte. I 2009 blir kommunane kompensert med 49 mill. kroner til to veketimar fysisk aktivitet på barnesteget, og i 2010 blir dei kompenserte for heilårsverknaden.
I tillegg blir det gjort framlegg om:
● endringar i reglane om organisering i grupper for å sikre kravet om sosialt tilhør for elevane
● å lovfeste plikt til å utarbeide årleg rapport om tilstanden innanfor grunnskule- og vidaregåande opplæring
● å presisere retten minoritetsspråklege elevar har til utvida tid i vidaregåande opplæring
● å presisere plikta til å kartleggje dugleiken minoritetsspråklege elevar har i norsk
● å presisere plikta til foreldresamarbeid i grunnskulen og vidaregåande opplæring
● å endre føresegner som gjeld privatskular som gir opplæring særskilt tilrettelagd for funksjonshemma
● å lovfeste rett til refusjon for utgifter knytte til opplæring i helseinstitusjonar
Regjeringa tek sikte på at nye lovreglar kan setjast i kraft frå hausten 2009.
Lenkje: Ot.prp. 55 (2008 – 2009): Om lov om endringar i opplæringslova og privatskolelova.