Historisk arkiv

Rett til utvida opplæringstid i private vidaregåande skolar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet foreslår at elevar ved private skolar skal få høve til å ta ut den retten dei måtte ha til inntil to år ekstra i den private skolen, i staden for å måtte gå over til offentleg skole for desse to åra.

Kunnskapsdepartementet foreslår at elevar ved private skolar skal få høve til å ta ut den retten dei måtte ha til inntil to år ekstra i den private skolen, i staden for å måtte gå over til offentleg skole for desse to åra.

 

– Eg er glad for at vi no får retta opp ein mangel i lovverket vårt, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen. – Det er viktig at elevar som har behov for ekstra tid i vidaregåande skole og som har rett til det, kan fortsette i den skolen dei har starta på.

Føresetnaden for rett til ekstra tid er at eleven frå før har rett til spesialundervisning eller til særskild språkopplæring, og at eleven treng slik ekstra tid i forhold til opplæringsmåla for den enkelte.

Tidlegare måtte privatskoleelevane bytte over til offentleg skole for å ta ut denne retten. No vert alle elevar likebehandla i denne saka.   

Det er også lagt fram forslag om: 

Politiattest for tilsette i sommarskolar

Det blir foreslått å innføre krav om politiattest også for tilsette i sommarskolar. Føresegnene om politiattest vert dessutan justerte i tråd med ny politiregisterlov. Forslaget går ut på å endre opplæringslova og privatskolelova for å innføre heimel til å krevje politiattest for "skoleliknande aktivitetstilbod", blant anna for sommarskolar. Til no har dette vore ei mellombels  løysing med årleg dispensasjonssøknad.

Det vert også foreslått ei oppdatering av føresegnene om politiattest, slik at dette vert justert i tråd med ny politiregisterlov. Endringane inneber blant anna at alvorleg valds-, rans - og narkotikakriminalitet vert merka på politiattesten. Dei som har merknad om seksuelt overgrep mot barn får, som tidlegare, forbod mot tilsetjing i  grunnskolen, skolefritidsordninga, leksehjelpa og musikk- og kulturskolar. Ved andre merknader eller ved søknad om jobb i vidaregåande opplæring, må den som tilset personale vurdere dei konkrete konsekvensane i tilsetjingsprosessen.

Fylkeskommunalt norsk vidaregåande tilbod i utlandet

Akershus og Troms fylkeskommunar har begge etablert tilbod om videregående opplæring i Russland, i henholdvis Moskva og Murmansk. Dette har vore godkjent som forsøk. No legges det opp til at dette blir mogeleg som permanente tilbod.

Det blir foreslått ei føresegn om at departementet kan gje ein fylkeskommune løyve til å stå ansvarleg for vidaregåande opplæring i utlandet som skal leie fram til norsk vitnemål. Opplæringslova skal gjelde for slike tilbod, men departementet kan opne for forsvarlege og nødvendige unntak. Denne føresegna vil i fyrste omgang særleg vere aktuell i forhold til dei norsk-russiske skolane i Moskva og Murmansk som i dag vert tilbode etter forsøksordningar.


Del