Historisk arkiv

Foreslår lovfesta plikt til å gi elevane frukt og grønt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Eit sunt kosthald med frukt og grønsaker er med på å gi elevane eit godt læringsutbytte i skulen. For å sikre at alle elevar får glede av ordninga med gratis frukt, foreslår vi no at kommunane får ei lovpålagt plikt til halde elevane med dette, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

- Eit sunt kosthald med frukt og grønsaker er med på å gi elevane eit godt læringsutbytte i skulen. For å sikre at alle elevar får glede av ordninga med gratis frukt, foreslår vi no at kommunane får ei lovpålagt plikt til halde elevane med dette, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Regjeringa har tidlegare sett av pengar til kommunane for at elevane skulle få frukt og grønt i skuletida. Tilbakemeldingane fortel at fleire kommunar har nytta desse midlane til andre formål. I statsråd i dag la regjeringa fram eit forslag om endringar i opplæringslova og privatskulelova. Endringane omfattar mellom anna ei lovfesta plikt til å gi elevar i grunnskulen gratis frukt og grønsaker. Ordninga gjeld alle elevar på skular med ungdomssteg, det vil seie ungdomsskular (8. – 10. årssteget) og kombinerte skular (1. – 10. årssteget), og lovregelen blir sett i verk frå 1. august i år.

Framlegget omfattar i tillegg fleire forslag til lovendringar:

Vil styrkje samarbeidet med foreldra i vidaregåande opplæring

- Overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring kan vere vanskeleg for mange elevar. Dei skal ta mange val. Støtte frå foreldra er særleg viktig i ein slik situasjon. Derfor ønskjer vi å utvide mandatet til FUG slik at Foreldreutvalet også skal ta opp saker som gjeld første steget i vidaregåande opplæring, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Foreldreutvalet for grunnskulen, FUG, skal gi foreldra informasjon og støtte knytt til opplæringa i grunnskulen. Regjeringa foreslår no å utvide mandatet slik at FUG også skal arbeide med informasjon og støtte til foreldre som har ungdom på det første steget i vidaregåande opplæring. Målet er å gjere foreldra betre rusta til å vere gode samarbeidspartnarar for ungdommane i overgangen til vidaregåande opplæring. Utvalet vil etter endringa ha namnet Foreldreutvalet for grunnopplæringa.

Fleire får rett til vidaregåande opplæring

Regjeringa gjer framlegg om å utvide retten til vidaregåande opplæring for vaksne.
Forslaget inneber at alle som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. I dag er det berre vaksne fødde før 1978 som har slik rett.

Det blir også foreslått at unge som ønskjer det, kan få vidaregåande opplæring etter reglane som gjeld for vaksne. Unge i alderen 20 til 23 år vil med dette kunne få ei opplæring som er betre tilpassa den livssituasjonen dei er i.

Betre språkopplæring for minoritetsspråklege elevar

Framlegget inneheld eit forslag om at minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring skal ha rett til særskilt språkopplæring på same måte som det elevar i grunnskulen har i dag. Denne språkopplæringa skal vere ei overgangsordning fram til elevane kan følgje den vanlege opplæringa. Retten skal først og fremst gjelde for særskilt opplæring i norsk, men kan òg gi rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring.

Opplæring med teiknspråk for fleire elevar

I dag er det berre elevar med teiknspråk som førstespråk som har rett til å få grunnskoleopplæringa i og på teiknspråk. Med dette forslaget utvidar regjeringa retten til å gjelde for elevar som har eit tilsvarande behov for å få grunnskuleopplæringa i og på teiknspråk.


I tillegg er det foreslått nokre mindre lovtekniske endringar.

Kunnskapsdepartementet tek sikte på å la lovendringane tre i kraft 1. august 2008, med unntak av forslaget om utvida mandat for FUG. Denne nyordninga skal etter planen ta til å gjelde frå 1. januar 2009.

Lenkje til lovforslaget: Ot.prp. nr. 40 (2007-2008)