Trekkjer statleg barnehagetilskott
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 17-08 | Dato: 03.03.2008
Ein stikkontroll av 60 norske kommunar viser at 90 millionar kroner øyremerkte til drift av barnehagar i 2006, er nytta til andre formål. – Vi kan ikkje akseptere at kommunane bryt vilkåra for bruk av skjønnsmidlar til drift av barnehagar, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.
Ein stikkontroll av 60 norske kommunar viser at 90 millionar kroner øyremerkte til drift av barnehagar i 2006, er nytta til andre formål. – Øyremerkte midlar skal ikkje nyttast til andre formål enn det dei er løyvde til. Vi kan ikkje akseptere at kommunane bryt vilkåra for bruk av skjønnsmidlar til drift av barnehagar, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.
Telemarksforsking har etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, gjennomført ein stikkprøvekontroll i 60 kommunar for å sjå om kommunane har nytta skjønnsmidlane i samsvar med føresetnadene. Utvalet er gjort etter funn i KOSTRA-tala frå kommunane. Tala indikerer at skjønnsmidlane ikkje er nytta til drift av barnehagar. Kontrollen viser at 54 av dei 60 kommunane har brukt til saman 90 millionar kroner til andre formål. Kunnskapsdepartementet har vedteke at 50 prosent av skjønnsmidlane nytta til andre formål enn drift av barnehagar, skal trekkjast inn, totalt 45 millionar kroner.
– Vi har valt ein strengare reaksjon i år enn i fjor, som var første gongen kontrollopplegget vart gjennomført. Vi vil framover vurdere enda sterkare reaksjonar i høve til kommunar som ikkje nyttar midlane etter føresetnadene, seier Solhjell.
Skjønnsmidlane vart første gongen tildelte i 2004. Formålet med slike midlar er å kompensere for meirutgifter kommunane fekk då dei innførte maksimalpris, kommunal plikt til økonomisk likeverd av barnehagane og drift av nye barnehageplassar.
I barnehageforliket var eit av vilkåra at kommunane skulle halde oppe sine netto driftsutgifter til barnehagar på same nominelle nivå som før forliket vart inngått. . All vekst i offentleg finansiering skulle komme gjennom auka statstilskott. Kommunar som nominelt reduserer si eiga løyving til barnehagesektoren i høve til nivået i 2003, skal ikkje få dette kompensert gjennom auka statlege overføringar.
Liste med summer (i tusen):
Kommnavn |
Trekk (50 pst.) |
|
|
Sarpsborg |
3 979 |
Fredrikstad |
2 503 |
Trøgstad |
742 |
Eidsberg |
1 145 |
Aurskog-Høland |
564 |
Enebakk |
634 |
Nes |
1 403 |
Elverum |
625 |
Engerdal |
701 |
Os |
293 |
Lom |
215 |
Gran |
784 |
Flå |
85 |
Hol |
424 |
Røyken |
140 |
Stokke |
152 |
Nøtterøy |
168 |
Tjøme |
102 |
Porsgrunn |
2 196 |
Drangedal |
483 |
Bø |
8 |
Arendal |
1 535 |
Tvedestrand |
1 048 |
Flekkefjord |
1 270 |
Vennesla |
1 181 |
Kvinesdal |
600 |
Hå |
1 664 |
Sola |
1 524 |
Sauda |
1 066 |
Stord |
2 147 |
Fjell |
181 |
Meland |
1 329 |
Lindås |
895 |
Masfjorden |
57 |
Lærdal |
292 |
Vågsøy |
954 |
Selje |
309 |
Sula |
14 |
Fræna |
852 |
Frei (Kristiansund fra 01.01.08) |
1 095 |
Hemne |
839 |
Hitra |
387 |
Klæbu |
1 410 |
Meråker |
532 |
Verran |
318 |
Snåsa |
20 |
Bindal |
187 |
Fauske |
1 182 |
Steigen |
412 |
Lavangen |
207 |
Målselv |
926 |
Skjervøy |
2 315 |
Loppa |
511 |
Unjarga - Nesseby |
368 |