Historisk arkiv

Nytt utval:

Pedagogisk tilbod til alle førskulebarn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa har i dag sett ned eit offentleg utval som skal sjå på pedagogisk tilbod til alle førskulebarn. – Å satse på oppvekst og utdanning er avgjerande tiltak for å jamne ut forskjellar og for å påverke seinare utdanning og yrkesaktivitet, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Regjeringa har i dag sett ned eit offentleg utval som skal sjå på pedagogisk tilbod til alle førskulebarn.  Leiar av Foreldreutvalet i grunnopplæringen Loveleen Rihel Brenna, skal leie utvalet. – Å satse på oppvekst og utdanning er avgjerande tiltak for å jamne ut forskjellar og for å påverke seinare utdanning og yrkesaktivitet, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

 – Stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen som nyleg vart lagd fram,  og Fordelingsutvalet presenterer grundig dokumentasjon av forsking som viser at pedagogiske tiltak i førskulealder er viktige for barn og ei god investering, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell. Regjeringa er oppteken av å sikre at dei mange barna som ikkje går i barnehage i dag, og det er ofte barn i minoritetsspråklege familiar og familiar med låg inntekt, får eit godt pedagogisk tilbod i førskulealder.  

Det offentlege utvalet om pedagogisk tilbod til førskulebarn skal mellom anna sjå på korleis tilbodet før skulestart no er organisert. Utvalet skal også vurdere ulike ordningar for eit pedagogisk tilbod i førskulealder og peike på fordelar og ulemper ved slike tilbod. Vidare skal utvalet vurdere dei ulike alternativa opp mot kvarandre for å sikre god kunnskap og gi grunnlag for å velje det beste tiltaket slik at alle barn stiller sterkare når dei startar opp skulegangen.

Lenke til mandat

Medlemmer i utvalet:

Konsulent Loveleen Rihel Brenna, Jessheim, leiar

Utdanningsdirektør Ingrid Hernes, Troms

Professor Thomas Moser, Tønsberg

Lektor ph.d.  Stig Brostrøm, Danmark

Frilansar Eli Rygg, Son

Forskar Magne Mogstad, Oslo

Kommunaldirektør Bente Fagerli, Oslo

Psykolog Magne Raundalen, Bergen

Stortingsrepresentant Bjørg Tørresdal, Sandnes

Seksjonsleiar Mimi Bjerkestrand, Bergen

Styrar Øyvind Hornslien, Oslo

Forskingssjef Terje Ogden, Moss

 

Utvalet skal etter planen leggje fram utgreiinga si innan 1. juni 2010.