Fleire skal fullføre
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 57-10 | Dato: 05.10.2010
– Innsatsen for å motverke fråfallet i vidaregåande opplæring skal trappast kraftig opp. Vi foreslår derfor å løyve om lag 425 millionar kroner til målretta tiltak for dette i 2011, ei styrking på 175 millionar kroner i forhold til 2010. Det seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen og understrekar at fullført vidaregåande opplæring er heilt avgjerande for at ungdom skal stå godt rusta i møtet med arbeidsliv og vidare utdanning.
– Innsatsen for å motverke fråfallet i vidaregåande opplæring skal trappast kraftig opp. Vi foreslår derfor å løyve om lag 425 millionar kroner til målretta tiltak for dette i 2011, ei styrking på 175 millionar kroner i forhold til 2010. Det seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen og understrekar at fullført vidaregåande opplæring er heilt avgjerande for at ungdom skal stå godt rusta i møtet med arbeidsliv og vidare utdanning.
Ny GIV og fleire læreplassar
Av det totale beløpet på 425 millionar kroner blir det foreslått å setje av 175 millionar kroner til satsinga Ny GIV (Gjennomføring i vidaregåande opplæring). Midlane skal mellom anna brukast til tiltak retta mot overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring, til å gi eit etterutdanningstilbod for lærarar på ungdomstrinnet og til å betre yrkesrettinga av den vidaregåande opplæringa.
Regjeringa foreslår at det innanfor løyvinga til Ny GIV òg blir løyvd 10 millionar kroner til lærlingar med særskilde behov. Det blir i tillegg foreslått å vidareføre satsinga på tettare oppfølging av elevar med svake grunnleggjande ferdigheiter i vidaregåande opplæring. Den mellombelse ordninga med auka tilskot til lærebedrifter blir foreslått vidareført på same nivået som i 2010. Dette tilskotet på til saman 195 millionar kroner inngår i rammetilskotet til fylkeskommunane. Midlane kan brukast på den måten fylkeskommunane meiner er best for å stimulere bedriftene til å vidareføre eksisterande læreplassar og opprette nye læreplassar.
Leksehjelp og timetalsutviding
Regjeringa foreslår å kompensere kommunane for heilårseffekten av tilbodet om gratis leksehjelp som blei innført frå og med hausten 2010. Skuleeigaren har no plikt til å tilby leksehjelp for elevar på 1.–4. trinnet.
– Tilbodet om gratis leksehjelp for 1.–4. trinnet er no komme godt i gang i kommunane. Målet er å sikre at alle elevar får god hjelp til lekser dei første åra, der mellom anna den grunnleggjande leseopplæringa skal skje. Vårt inntrykk er at leksehjelpordninga blir teken godt imot ved dei fleste skular, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
I tillegg foreslår regjeringa å kompensere kommunane for heilårseffekten av utvidinga av timetalet på barnetrinnet med éin veketime frå og med hausten 2010. Heilårseffekten av tiltaka er samla på 356 millionar kroner i 2011.
Betre økonomi i dei private grunnskulane
Kunnskapsdepartementet har utforma ein ny modell som gir eit tilskot til dei private skulane som samsvarer betre med kostnadene til tilsvarande offentlege skular.
Samla sett gir den nye modellen 43 millionar kroner meir i tilskot til dei private grunnskulane i 2011. Dei to private skuleskipa Gann og Sjøkurs, som tilbyr vidaregåande opplæring, får dessutan ei tilleggsløyving på til saman 4 millionar kroner.
Skyss for funksjonshemma til og frå SFO
Regjeringa foreslår å løyve 26,6 millionar kroner i 2011 for å kompensere kommunane og fylkeskommunane for kostnadene ved at det frå 1. august i år er innført ein rett til skyss for funksjonshemma til og frå SFO i skuleåret.
– Vi ønskjer å sikre at funksjonshemma får eit godt og organisert fritidstilbod før og etter skuletid. Regjeringa har derfor innført denne retten frå og med inneverande skuleår, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Utbetring av skular og symjeanlegg
Regjeringa vidarefører rentekompensasjonsordninga for å rehabilitere og ruste opp eksisterande skule- og symjeanlegg. Det blir foreslått å fase inn ytterlegare to milliardar kroner i 2011.
Auka satsing på undervisning om menneskerettar
Regjeringa foreslår å løyve til saman 63 millionar kroner til sju freds- og menneskerettssenter. Løyvinga går mellom anna til å gi tilbod om freds- og menneskerettsundervisning og støttar opp om demokratiopplæring i skulen. Sentra har bidrege sterkt til å samle inn tidsvitneskildringar og dokumentasjon frå andre verdskrigen og arbeider for å formidle materialet til nye generasjonar.
Raftostiftelsen i Bergen vil bli omfatta av tilskotsordninga for første gong og blir foreslått tildelt to millionar kroner i 2011. Støtta til Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter blir auka med to millionar kroner til 26 millionar kroner.