Historisk arkiv

Fleire studieplassar for å møte utdanningsbølgja

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

For å gjere universitet og høgskular i stand til å møte større ungdomskull og samtidig tilby god kvalitet på studia foreslår regjeringa å opprette 2200 nye studieplassar frå hausten 2011. Det betyr at regjeringa vil ha oppretta nesten 18 000 studieplassar i perioden 2009–2015.

For å gjere universitet og høgskular i stand til å møte større ungdomskull og samtidig tilby god kvalitet på studia foreslår regjeringa å opprette 2200 nye studieplassar frå hausten 2011. Det betyr at regjeringa vil ha oppretta nesten 18 000 studieplassar i perioden 2009–2015.

– Etableringa av nye studieplassar set oss i stand til å møte utfordringane i framtida, seier statsråd for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland.

Prioriterte utdanningar

Ved fordelinga av studieplassar er det teke omsyn til både rekrutteringsgrunnlaget og kva høve institusjonane har til å auke opptakskapasiteten på kort sikt. Ein stor del av plassane går derfor til store institusjonar med godt søkjargrunnlag. Det blir gjort framlegg om 375 studieplassar innanfor lærarutdanninga, 200 studieplassar i helse- og sosialfag, 280 studieplassar til realfag og teknologi og om lag 190 studieplassar i rettsvitskap. I tillegg foreslår regjeringa å løyve midlar til om lag 1140 strategiske studieplassar som universiteta og høgskulane kan nytte i tråd med eigne strategiar, for å spisse fagprofilen og for å følgje opp regionale eller nasjonale behov.

Kvalitetslyft for grunnskulelærarutdanninga

Regjeringa vil innan 2014 bruke over 100 millionar kroner ekstra for å sikre høg kvalitet i dei nye grunnskulelærarutdanningane. I haust er det for første gong teke opp studentar til ei spesialisert grunnskulelærarutdanning retta mot trinna 1–7 og 5–10. Forskrifta om rammeplan for dei to nye utdanningane stiller fleire og strengare krav til kvalitet enn den tidlegare rammeplanen for allmennlærarutdanning gjorde. Lærestadene er no forplikta til faglege, pedagogiske og administrative forbetringar. Regjeringa har derfor sett av 13 millionar kroner i 2011 for å styrkje grunnløyvingane til institusjonar som tilbyr grunnskulelærarutdanningane. Det er ei følgje av at dei nye grunnskulelærar­utdanningane blir plasserte i ein høgare kategori i finansieringssystemet enn den gamle lærarutdanninga.

Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK)

Regjeringa ønskjer ein universitets- og høgskulesektor som er mangfaldig, robust og førebudd på å møte morgondagens utfordringar. Tydelegare arbeidsdeling og meir fagleg konsentrasjon i utdanning, forsking og det administrative arbeidet er viktig. Regjeringa vidarefører derfor løyvinga på 50 millionar kroner for å styrkje samarbeids- og fusjonsprosessane i sektoren.

Regjeringa foreslår vidare å leggje til rette for strukturendring og samordning gjennom å styrkje felles administrative einingar som NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga), Samordna opptak og BIBSYS (system- og driftsleverandør for fag- og forskingsbibliotek). I tillegg løyver regjeringa 3,5 millionar kroner til oppstart av eCampus, eit program for utbygging av ny og moderne IKT-infrastruktur i sektoren.

Bygg og infrastruktur

Forsking og høgare utdanning av høg internasjonal kvalitet krev høvelege bygg som er i god stand, og eigna utstyr og inventar. Regjeringa har i 2009 og 2010 sett i gang fleire byggjeprosjekt ved universitet og høgskuler og vil i 2011 løyve meir enn 1,1 milliardar kroner til å vidareføre følgjande byggjeprosjekt:

  • Rehabilitering av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo
  • Nytt bygg for institutt for klinisk odontologi ved Universitetet i Bergen
  • Samlokalisering av Høgskolen i Bergen
  • Rehabilitering og ombygging av bygg for sjukepleieutdanning ved Høgskolen i Oslo
  • Nytt sentralbygg ved Høgskolen i Sogn og Fjordane

I tillegg foreslår regjeringa å løyve 469,7 millionar kroner i 2011 til utstyr og inventar i tilknyting til dei same byggjeprosjekta.

Trafikkflygarutdanning

Universitetet i Tromsø er i gang med å opprette ei offentleg finansiert trafikkflygar­utdanning (bachelor i luftfart). Det treårige studiet er tverrfagleg og har som formål å utdanne trafikkflygarar. Studietilbodet er lokalisert i Bardufoss og vil bidra til å byggje opp kompetanse i nordområda. For 2011 blir det foreslått brukt 10 millionar kroner til dette studiet. I 2010 og 2011 vil regjeringa då ha løyvd 23,5 millionar kroner til etablering av studiet. 

Artsdatabanken

Artsdatabanken tilbyr tenester som gir samfunnet oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald. Slik aukar òg formidlinga av naturvitskapleg forsking for å sikre eit vitskapleg grunnlag for norsk miljøforvalting. Blant viktige tiltak er publisering av Norsk raudliste, ei oversikt over trua og sårbare artar i norsk natur. Lista kjem i ny versjon hausten 2010. For å styrkje kapasiteten og sikre kunnskap om biologisk mangfald vil regjeringa auke løyvinga til Artsdatabanken med to millionar kroner i 2011.