Framleis vekst for barnehagane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 58-10 | Dato: 05.10.2010
Regjeringa vil satse vidare på barnehagar som arena for tidleg innsats og sosial utjamning og legg opp til at det skal bli stadig fleire plassar, auka satsing på kvalitet og kompetanse og meir likeverdig behandling av offentlege og private barnehagar. Regjeringa vil vidareføre investeringstilskotet og tilskotet til mellombelse lokale. Regjeringa foreslår å løyve 73 millionar kroner til å etablere barnehageplassar til om lag 4900 fleire barn i året som kjem.
Regjeringa vil satse vidare på barnehagar som arena for tidleg innsats og sosial utjamning og legg opp til at det skal bli stadig fleire plassar, auka satsing på kvalitet og kompetanse og meir likeverdig behandling av offentlege og private barnehagar. Regjeringa vil vidareføre investeringstilskotet og tilskotet til mellombelse lokale. Regjeringa foreslår å løyve 73 millionar kroner til å etablere barnehageplassar til om lag 4900 fleire barn i året som kjem.
Lenke til faktaark om barnehagar
Regjeringa foreslår å bruke 130 millionar kroner på kvalitetstiltak i 2011, ein auke på 25 millionar kroner frå 2010. I tillegg til dei midlane som no blir lagde inn i rammene til kommunane, vidarefører ein øyremerkte løyvingar til investeringar i bygg og kvalitetstiltak. Det blir dessutan sett av midlar til framleis prisreduksjon og likeverdig behandling av offentlege og private barnehagar. Til saman blir det foreslått brukt 454 millionar kroner til dette.
Løyvinga til auka kvalitet i barnehagane skal mellom anna brukast til å setje i gang tilpassa vidareutdanning og kompetansetiltak for barnehageassistentar og vidareutdanning for fagarbeidarar.
– Desse tiltaka vil bidra til å heve det formelle kompetansenivået til dei tilsette i barnehagane. Dei tilsette har, saman med barnehagane, kommunane og staten, gjennomført hundreårets dugnad for full barnehagedekning. No skal vi få til det same på innhaldssida, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Dei siste åra har det vore færre som har søkt seg til førskulelærarutdanninga. Kunnskapsdepartementet vil derfor setje i verk tiltak for å styrkje rekrutteringa til denne utdanninga.
Finansiering gjennom kommunerammene
Barnehagesektoren blir rammefinansiert frå 2011, og kommunane får dermed eit heilskapleg ansvar for barnehagane. – Denne overføringa har vore varsla lenge. No vil vi styre med klare krav til kvalitet for alle som får offentlege tilskot, seier kunnskapsministeren.
Det skal setjast i gang kompetansetiltak for å utvikle kommunane som barnehagemyndigheit, og fylkesmennene sitt tilsyn med kommunane vil bli styrkt.
Auka støtte til private barnehagar
Regjeringa ønskjer at alle barn skal ha like føresetnader, og vil leggje til rette for meir likeverdige lønns- og arbeidsforhold i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Regjeringa ønskjer derfor å vidareføre opptrappinga av tilskotet til ikkje-kommunale barnehagar. I statsbudsjettet for 2011 er det foreslått å løyve 92,5 millionar kroner til dette formålet. Frå 1. august 2011 skal tilskotet til ikkje-kommunale barnehagar aukast frå 88 til 91 prosent av det tilsvarande kommunale barnehagar i gjennomsnitt får i offentleg finansiering.
Uendra pris
Maksimalgrensa for foreldrebetalinga vil bli vidareført på det same nominelle nivået som i 2010. Maksimalprisen blir då 2330 kroner per månad og 25 630 kroner på årsbasis for ein heiltidsplass. Det er foreslått å løyve 263,5 millionar kroner til dette formålet. Reduksjonen i maksimalprisen sidan 2005 har ført til at ein familie med to barn i barnehage sparer nesten 20 000 kroner i året.