Meir studentvelferd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 60-10 | Dato: 05.10.2010
– Buutgifter utgjer den største kostnaden for mange studentar. Å trykkje på vidare for å få bygd studentbustader er viktig for å sikre at fleire får høve til å studere. Regjeringa vil derfor vidareføre satsinga med om lag 1000 nye studentbustader også i 2011, seier statsråd for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland.
– Buutgifter utgjer den største kostnaden for mange studentar. Å trykkje på vidare for å få bygd studentbustader er viktig for å sikre at fleire får høve til å studere. Regjeringa vil derfor vidareføre satsinga med om lag 1000 nye studentbustader også i 2011, seier statsråd for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland.
Sidan den raudgrøne regjeringa tok over makta i 2005, har den årlege løyvinga til studentbustader tredobla seg, frå 314 til rundt 1000 bustader i året. Sidan 2005 har det blitt løyvd midlar til om lag 5200 studentbustader.
Mange og rimelege studentbustader er eit viktig bidrag til velferda for studentane. I 2009 og 2010 blei det gitt tilsegn om statsstøtte til bygging av over 2500 studentbustader. Regjeringa vil halde fram med satsinga og løyve 235 millionar kroner til om lag 1000 bustader i 2011. For å sikre lik rett til utdanning har regjeringa sett seg som mål å byggje 1000 studentbustader i året.
Regjeringa ønskjer å bidra til at fleire personar med nedsett funksjonsevne skal få råd til å ta utdanning. I tråd med Soria Moria II-erklæringa foreslår derfor regjeringa å løyve 14 millionar kroner til å styrkje utdanningsstøtta for personar med nedsett funksjonsevne. Det skjer ved at støtteperioden frå studieåret 2011/2012 blir utvida til tolv månader per år, og gjennom eit ekstra månadleg stipend på 3200 kroner til studentar som på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje kan ta arbeid ved sida av studia. Stipendet kjem i tillegg til den vanlege støtta som alle studentar får.
Vidare er det foreslått at personar med nedsett funksjonsevne som ikkje har støtte til utdanning gjennom folketrygda, skal få heile utdanningsstøtta som stipend ved forseinking utover eitt år. Det er ein føresetnad at forseinkinga kjem av at læringsmiljøet ikkje er tilpassa den nedsette funksjonsevna. Denne ordninga skal motverke at denne gruppa av studentar endar opp med høgare studiegjeld enn andre.