Historisk arkiv

Prioriterer nyskapande forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

I statsbudsjettet for 2011 foreslår regjeringa å styrkje den opne konkurranse­arenaen med 60 millionar kroner og å nær doble løyvingane til den nasjonale satsinga på forskings­infrastruktur til 280 millionar kroner. I tillegg foreslår regjeringa at det skal etablerast fleire nye senter for forskingsdriven innovasjon (SFI).

I statsbudsjettet for 2011 foreslår regjeringa å styrkje den opne konkurranse­arenaen med 60 millionar kroner og å nær doble løyvingane til den nasjonale satsinga på forskings­infrastruktur til 280 millionar kroner. I tillegg foreslår regjeringa at det skal etablerast fleire nye senter for forskingsdriven innovasjon (SFI).

– For at Noreg skal kunne møte dei samfunns­utfordringane vi står overfor, er det avgjerande at vi legg til rette for nyskapande forsking av høg kvalitet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.

Den opne konkurransearenaen for framifrå forsking (også kjend som ”fri prosjekt­støtte”) er ein arena der originale idear kan fangast opp og uventa resultat kan takast vare på. Gjennom ei satsing på denne arenaen ønskjer regjeringa å sikre at fleire av dei aller beste forskingsmiljøa får finansiering til å gjennomføre grensesprengjande prosjekt av høg kvalitet. Regjeringa foreslår derfor å styrkje arenaen med 60 millionar kroner i 2011.

Forskingsinfrastruktur

Ei solid og langsiktig satsing på forskingsinfrastruktur er viktig for å sikre høg kvalitet og god utnytting av ressursane i forskinga. Regjeringa foreslår derfor at det i 2011 blir løyvd om lag 280 millionar kroner til investeringar i nasjonal og internasjonal forskings­infrastruktur – ein auke på om lag 136 millionar kroner frå 2010.

I forskingsmeldinga Klima for forskning varsla regjeringa at ho ville vurdere ein ny utlysingsrunde for Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Ordninga skal styrkje innovasjon gjennom langsiktig forsking og samarbeid mellom forskingsintensive bedrifter og framståande forskingsmiljø. Ordninga er ein viktig del av regjeringa si satsing på forsking av høg kvalitet. Regjeringa foreslår derfor at Forskingsrådet kan nytte delar av avkastinga frå Fondet for forsking og nyskaping til å etablere fleire senter for forskingsdriven innovasjon. Auken i talet på senter skal òg finansierast med 10 millionar kroner til eit SFI innanfor miljøteknologi over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet, som ein del av ei større satsing på miljøteknologi.

Polarforsking viderførast

Regjeringa foreslår vidare å bruke minst 45 millionar kroner til eit nytt program for polarforsking gjennom Noregs forskingsråd, med særleg vekt på forsking knytt til Svalbard. Satsinga skal ta vare på den betydelege kunnskapen og det samarbeidet som Det internasjonale polaråret (IPY) har skapt. – Noreg er allereie ein viktig polarforskingsnasjon. Det nye programmet vil gi verdifull kunnskap om mellom anna klimaendringar og miljø­utfordringar. Dette er nødvendig for at vi skal kunne setje i gang effektive og gode miljøtiltak nasjonalt og internasjonalt, seier Aasland.

Vidare foreslår regjeringa å øyremerkje 5 millionar kroner av midlane til informasjons­verksemd og fagleg og praktisk forskingskoordinering i regi av Svalbard Science Forum.

Som ein del av regjeringa si satsing på klima- og miljøforsking i nordområda foreslår regjeringa òg å løyve 20 millionar kroner til Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking over budsjettet til Miljøverndepartementet. Midlane skal mellom anna setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda i nord og ressursane som finst der, på ein endå betre måte.

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett inneber at den samla offentlege finansieringa av forsking og utvikling blir på om lag 24,3 milliardar kroner i 2011, inkludert Skattefunn. Det tilsvarer 0,94 prosent av BNP. Forslaget inneber ein nominell vekst på om lag 550 millionar kroner samanlikna med 2010. Regjeringa foreslår vidare å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3 milliardar kroner, slik at det får ein samla kapital på til saman 80 milliardar kroner. Dersom renta held seg på same nivået som i dag, kjem det nye kapitalinnskotet til å gi ein auke i løyvinga til forsking på om lag 100 millionar kroner frå og med 2012.

Auka satsing på utdanningsforsking

Kunnskapsdepartementet utvidar satsinga på utdanningsforsking. Det skjer ved at det blir foreslått å løyve 65 millionar kroner til forskingsprogramma Utdanning 2020 og Praksisretta utdanningsforsking og til å få oppretta eit kunnskapssenter for utdanning frå 1. januar 2011.

Senteret, som skal etablerast i Noregs forskingsråd, skal ha som oppgåve å samanstille og formidle resultat frå norsk og internasjonal utdanningsforsking.