400 nye studieplassar og auka satsing på bygg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 58-13 | Dato: 14.10.2013
Regjeringa foreslår å opprette om lag 400 nye studieplassar i 2014 til fagområde med spesielt stort behov for meir kompetanse. Regjeringa foreslår òg å løyve 1,3 milliardar kroner til bygg i universitets- og høgskolesektoren.
Regjeringa foreslår å opprette om lag 400 nye studieplassar i 2014 til fagområde med spesielt stort behov for meir kompetanse. Regjeringa foreslår òg å løyve 1,3 milliardar kroner til bygg i universitets- og høgskolesektoren.
– Regjeringa legg opp til å finansiere 24 800 fleire studieplassar i 2019 enn då vi tok over regjeringskontora i 2005. Det inneber ein kostnad på om lag 2,8 milliardar kroner og er ei formidabel investering i framtidige generasjonar og i kunnskapssamfunnet vårt, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
I budsjettforslaget for 2014 blir studieplassar innanfor mellom anna ingeniørutdanning, maritim utdanning, rettsvitskap og medisinutdanning prioriterte.
Regjeringa foreslår startløyvingar på totalt 80 millionar kroner til rehabilitering av Noregs idrettshøgskole og nybygg for medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Prosjekta skal etter planen stå ferdige i 2017 og har kostnadsrammer på høvesvis 837 millionar og 1,28 milliardar kroner.
Regjeringa foreslår i tillegg å løyve 1,2 milliardar kroner til å vidareføre åtte pågåande byggjeprosjekt ved universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø og på Ås, ved høgskolane i Bergen og Sør-Trøndelag og ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen.
– Vi har sidan 2005 gitt startløyving til 15 byggje- og rehabiliteringsprosjekt, inkludert dei to nye prosjekta som er foreslått i budsjettet for 2014. Dette gir ei solid oppgradering av bygningsmassen i universitets- og høgskolesektoren. Den samla kostnadsramma for alle desse bygga er på meir enn 18 milliardar kroner, seier kunnskapsministeren.
Dei 15 byggeprosjekta er:
- Samisk vitskapsbygg, Samisk høgskole
- Rehabilitering av Sørhellinga, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
- Nytt odontologibygg, Universitetet i Bergen
- Nybygg/rehabilitering for sjukepleiarutdanninga, Høgskolen i Oslo og Akershus
- Nytt sentralbygg, Høgskulen i Sogn og Fjordane
- Nybygg for samlokalisering, Høgskolen i Bergen
- Rehabilitering av sentrumsbygningane (fase 1 og 2), Universitetet i Oslo
- Nytt teknologibygg, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
- Rehabilitering av Urbygningen, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
- Nytt teknologibygg, Høgskolen i Sør-Trøndelag
- Nybygg for veterinærmiljøa og Veterinærinstituttet på Ås, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
- Nybygg for samlokalisering, Kunst- og designhøgskolen i Bergen
- Rehabilitering av universitetsmuseet i Bergen (fase 1), Universitetet i Bergen
- Rehabilitering av Noregs idrettshøgskole
- Nytt bygg for medisin- og helsefag, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Regjeringa har varsla ei ny stortingsmelding om kvalitet i høgare utdanning og foreslår å løyve 15 millionar kroner over tre år til ei forskingsbasert evaluering av kvaliteten i høgare utdanning. Evalueringa vil mellom anna vurdere i kva grad utdanningane som norske universitet og høgskolar tilbyr, held høg internasjonal kvalitet, og om dei førebur studentane godt nok på arbeidslivet.