Norsk deltaking i Erasmus+
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 60-13 | Dato: 14.10.2013
Regjeringa går inn for norsk deltaking i Erasmus+. Det vil gi nordmenn nye høve til å samarbeide og ha kontakt med andre på tvers av landegrensene innanfor utdanning, idrett og barne- og ungdomsarbeid.
Regjeringa går inn for norsk deltaking i Erasmus+. Det vil gi nordmenn nye høve til å samarbeide og ha kontakt med andre på tvers av landegrensene innanfor utdanning, idrett og barne- og ungdomsarbeid.
Erasmus+ er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett i 2014–2020. Hovudintensjonen er å auke utvekslinga mellom land, heve kunnskapen om kvarandre sine kulturar og språk, styrkje den faglege kompetansen til deltakarane og utvikle ein kunnskapsbasert politikk.
– Å lære av folk i andre land er viktig, ikkje berre innanfor skole og utdanning, men òg innanfor frivillig sektor og i idretten. Erasmus+ gir folk med svært ulik bakgrunn høve til å samarbeide på tvers av landegrensene, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Norsk deltaking i Erasmus+ opnar dører for mange grupper. Norske elevar, lærlingar, studentar, lærarar og andre tilsette i utdanningssystemet kan nyte godt av programmet. Det same kan ungdom, tilsette og tillitsvalde i frivillige organisasjonar og fritidsklubbar. Programmet er òg aktuelt for aktørar i norsk idrett. Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) skal vere nasjonale kontor for Erasmus+.
Erasmus+ opnar for både utveksling og ulike samarbeidsprosjekt. Programmet gir dessutan tilgang til verdifulle nettverk av europeiske samarbeidspartnarar for norske institusjonar og aktørar. Det bidreg til å styrkje relevansen til og kvaliteten på norske aktørar.
Regjeringa foreslår å løyve 219,8 millionar kroner i 2014 til deltaking i Erasmus+. Totalbeløpet for perioden 2014–2020 blir anslått til 3,3 milliardar kroner.
Noreg har høve til å delta i EUs program gjennom EØS-avtalen. Dette krev behandling og vedtak i Stortinget.