Satsar på unge forskarar og stipendiatar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 59-13 | Dato: 14.10.2013
Med budsjettforslaget for 2014 har regjeringa auka den offentlege forskingsinnsatsen reelt med over 34 prosent sidan 2005. I 2014 vil regjeringa øyremerkje 50 millionar kroner til talentfulle unge forskarar. Regjeringa vil òg opprette 60 nye stipendiatstillingar.
Med budsjettforslaget for 2014 har regjeringa auka den offentlege forskingsinnsatsen reelt med over 34 prosent sidan 2005. I 2014 vil regjeringa øyremerkje 50 millionar kroner til talentfulle unge forskarar. Regjeringa vil òg opprette 60 nye stipendiatstillingar.
– Dei auka forskingsløyvingane viser at denne regjeringa har prioritert forsking og utvikling høgt. 2014-budsjettet inneheld òg ei ekstra satsing på unge forskarar og stipendiatar. Vi prioriterer unge forskartalent fordi vi ønskjer meir fornying og vågemot i forskinga, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Ein realvekst på om lag 34 prosent utgjer 7,4 milliardar kroner. Den offentlege FoU-innsatsen har auka frå 0,79 prosent av BNP i 2005 til 0,93 prosent av BNP i 2014. Målet for offentleg finansiering er 1 prosent. Den offentlege FoU-innsatsen utgjer 28,9 milliardar kroner i 2014.
For å bidra til at fleire unge talent skal nå opp i konkurransen med dei meir etablerte forskarane, styrkjer regjeringa ordninga med fri prosjektstøtte (FRIPRO) med 50 millionar kroner, øyremerkt forskarar som er tidleg i karrieren. «Fellesløftet 2» inneber at dersom staten bidreg med 50 millionar kroner årleg i tre år, har universiteta lova å bidra med ein tilsvarande sum av eigne midlar. Slik vil den totale satsinga bli 300 millionar kroner over tre år. Vidare satsar regjeringa på 60 nye stipendiatstillingar i budsjettet for 2014.
Forskingsløyvingane går over budsjetta til fleire av departementa. Regjeringa har prioritert infrastruktur for forsking, mellom anna gjennom om lag 1,7 milliardar kroner til bygg i universitets- og høgskulesektoren, forskingsfartøy og midlar til å greie ut om mellom anna nytt anlegg for livsvitskap ved Universitetet i Oslo og Ocean Space Centre – eit nytt marinteknisk senter ved Marintek/NTNU i Trondheim. Regjeringa har i tillegg varsla at Noreg tek sikte på å delta som fullverdig medlem i EUs nye forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020, gitt at Stortinget samtykkjer. Noregs bidrag er anslått til 360 millionar kroner i 2014.
Regjeringa innfører òg ei ny gåveforsterkingsordning for å stimulere til fleire private gåver til forsking. Ordninga inneber at staten gir eit tillegg på 25 prosent av gåvebeløpet ved private gåver til Noregs forskingsråd, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo, universiteta eller høgskular med rett til å dele ut doktorgrad. Det er sett av 50 millionar kroner til ordninga i 2014. Ordninga vil gjelde for gåver over 3 millionar kroner som er gitt etter 1. januar 2014.