Historisk arkiv

Ei tid for kvalitet!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjells tale ved Landskonferansen, Oslo, 1. november 2007. Konferansen arrangeres av Utdanningsdirektoratet.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjells tale ved Landskonferansen, Oslo, 1. november 2007. Konferansen arrangeres av Utdanningsdirektoratet.

Ei tid for kvalitet!
Det viktigaste for meg er å utvikle eit solidarisk kunnskapssamfunn. Dagens utdanning vil vere ryggraden for samfunnet om 20- 30 år, difor jobbar eg mot kunnskapssamfunnet 2040. Vi må slutte å sjå på pengane vi bruker til kunnskapsutvikling og opplæring som utgifter – dei er investeringar.

Kvifor er Noreg eit rikt land i dag?
Mange trur at Noreg er et så rikt land fordi Noreg har så store naturressursar. Olje- og gassreservane utgjer 12 prosent av nasjonalformuen i 2004, men humankapitalen utgjer 77 prosent, som utan samanlikning er den største formueskomponenten. Produsert realkapital utgjør så å seie resten, det vil seie 12 prosent. Dei fornybare naturressursane utgjer til saman 3 prosent, det inneber at dei dreg ned nasjonalformuen, noko som i all hovudsak kjem av stor innsats av arbeidskraft og kapital i jordbruket sett i forhold til den direkte målbare verdiskapinga. Dette går nesten opp i opp med nettofordringar til utlandet som inkluderer oljefondet, og som utgjer 2 prosent av nasjonalformuen. Noreg skil seg ikkje nemneverdig frå andre industriland med omsyn til at humankapitalen utgjer den klart største delen av nasjonalformuen.

Kva inneber dette?
Dei store økonomiske avkastingane i dag og i framtida sit i hovuda og hendene på menneska. Ifølgje SINTEF viser internasjonale studiar at forsking er noko av det mest lønsame ein nasjon kan investere i. Risikoen for å feile er alltid til stades, men når ein lykkast, kan gevinsten vere eventyrleg.

Det kan hørast ut som eg berre tenkjer økonomi og pengar, men er det ikkje. Å ta vare på ungane er det viktigaste vi som enkeltpersonar og samfunn kan gjere. Poenget mitt er at det gir oss ikkje berre eit betre livsinnhald, det er også økonomisk lønsamt!  Altså: ein føresetnad for eit godt liv et at vi har noe å leve for og leve av. Å ta vare på ungane og byggje samfunnet er to sider av same sak.

Eit solidarisk kunnskapssamfunn i praksis
Boka Den nye ulighed (Lars Olsen)er nyleg gitt ut i Danmark. I boka blir det peikt på at omtrent 20 % av elevane har det som blir kalla ein svak heimebakgrunn. I følgje forfattarane kjem dei frå familiar som blir kjenneteikna ved:
• At foreldra lever av uføretrygd eller sosialhjelp
• At ingen av foreldra har ei kompetansegivande utdanning
• At den unge ikkje bur hos både mor og far.
Forfattaren seier at innafor denne gruppa finn ein dei som ikkje tar utdanning etter grunnskolen, som risikerer å bli ein ”case” i sosialsystemet, som risikerer å bli verande permanent utanfor arbeidslivet. Kort sagt; dei risikerer å bli ”hekta av” i ung alder. Dette er ein situasjon vi ser i andre land. Ifølge Education at a Glance 2007 er det i Frankrike, Portugal, Storbritannia og Tyskland meir enn dobbelt så sannsynleg at studentar som har fedre med høgre utdanning, sjølv tar høgre utdanning.

Situasjonen er den at tel du kor mange bøker som står i heimen til ein 6-åring, kan du spå om korleis vedkommande vil hamne på karakterstatistikken. Sjekkar du ut vedkommande etter 10 år, vil du finne den same forskjellen som du fann da barnet var 6 år. Vi kan ikkje vere bekjente av dette, utan omsyn til kva politisk ståstad vi har. Som liberal sosialist meiner eg at det er fullt mogleg å snu denne utviklinga. Vi kan ikkje misbruke ressursane til den enkelte

Førebygging er ofte vanskeleg fordi det dreier seg om ”det usynlege”. Eg samanliknar det med den innsatsen natteravnene gjer: Dei er ansvarlege for den ulykka som ikkje skjedde. Skolen skal forhindre framtidige ulykker! Når ein person er blitt ein ”case”, da begynner den store ressursbruken

Tidleg innsats
I fjor la vi fram Stortingsmelding nr 16 – og ingen stod igjen. Tidlig innsats er hovudbodskapen i meldinga. Vi skal bryte tradisjonen med å vente og sjå, og håpe på at problem går over av seg sjølv. Vi vil difor satse på leksehjelp, fleire timar til lesing tidlig i skoleløpet. Vi må gjere noe med samanhengen mellom elevar som ikkje fullfører og den praktiske dimensjonen i vidaregåande opplæring?

Eksempel:
Eg har nettopp vore på Mortensrud skole. Ein barneskole med 400 elevar med variert kunnskapsmessig, språkleg og kulturell bakgrunn. 95,4 % av elevane har minoritetsspråkleg bakgrunn, med 31 morsmål. Skolen arbeider målmedvite med åtferd og arbeidsmiljø, grunnleggjande dugleikar, foreldresamarbeid og leksehjelp.

Topp kvalitet i alle ledd
Vi veit ganske mykje om korleis det står til på alle ledd i utdanninga. Samfunnet skuldar barn og unge å ta omsyn til den kunnskapen vi har. Det er lagt til rette for, mellom anna gjennom det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering, at alle ledd skal ha tilgang til den kunnskapen som er nødvendig for å setje i verk gode tiltak. Vi må, på kvart vårt nivå, vere strategiske og målmedvitne i arbeidet med opplæringa. God utdanning er det viktigaste vi kan gi ungane våre.

Det er fire nøkkelgrupper her:

1. Skoleeigaren
De bestemmer over det som skjer. Det er de som i praksis forvaltar ressursane og dermed dei unge. Statsbudsjettet er klart, og eg har ikkje hørt mange påstå at barnehagen og skulen er budsjettaparar, tvert imot . Det inneber at eg med stort frimod seier til dykk at eg forventar at  barnehagen og skulen blir budsjettvinnarar også i kommunane og fylkeskommunane. Det handslaget Regjeringa har gitt, reknar eg med blir følgt opp av handling  av dykk.

Eg er uroa når eg ser utfallet av det nasjonale tilsynet i 2006 og 2007 innafor heilt sentrale punkt i opplæringslova. Resultata viser at om lag 70 prosent av kommunane ikkje oppfylte kravet om at skoleeigar skal ha eit forsvarlig system for vurdering og oppfølging av om krava i lov og forskrift blir følgde. Det viser seg også at 80 av 90 kommunar og 17 av 18 fylkeskommunar ikkje oppfylte lovkrava om tilpassa opplæring og spesialundervisning.

Dette er ikkje ein situasjon vi kan leve med, og vi vil nå saman med KS arbeide for å styrke den kommunale styringa med skolesektoren slik at norske elevar får oppfylte sine rettar og slik at vi når dei faglege resultata vi bør nå. Eg er heller ikkje strålende fornøgd med ressursinnsatsen vi ser på skoleområdet. For lite av dei ekstra midlane til kommunane dei siste åra har gått til skole. Vi står framfor mange viktige diskusjonar om korleis vi kan styrke skolen innafor det desentraliserte systemet vårt.

2. Skoleleiaren 
Rektorane har ansvaret for organiseringa på skolen sin. Det er store verksemder og eit stort ansvarsområde, med kontakt med mange menneske. Vi veit at rektorrolla er avhengig av korleis kommunen er organisert, og at rektorar i såkalla tonivå-kommunar kan ha andre krav frå arbeidsgjevaren sin enn det rektorar i tradisjonelle trenivå-kommunar har, der det framleis er ein skolesjef eller oppvekstsjef.

Men vi veit også at dei fleste rektorane trivst i jobben og ser på opplæring og utdanning som den gode investeringa eg har nemnt. Både nasjonalt og internasjonalt er det stor interesse for skoleleiing – det vi gjerne vil vite meir om, er korleis skoleleiing påverkar kvalitet i opplæringa og kan gjere ein forskjell på læringa til elevane.

Vi held på å gjere oss betre kjend med den internasjonale forskinga på dette området, samstundes som vi tek initiativ til norsk forsking på området. Forgjengaren min fekk eit forslag frå Høgre om å innføre skjerpa krav til formell utdanning som skoleleiar. Høgre ynskjer også ei nasjonal regulering av innhaldet i dei ulike utdanningane som blir tilbydd på universitet og høgskolar. Forslaga blir handsama i Stortinget i løpet av vinteren, og er har byrja på ei vurdering av dei.

Tysdag i denne veka deltok eg på eit fagseminar om skoleleiing. Det var eit interessant møte med den svenske rektorutdanninga og med representantar frå universitet og høgskolar her heime, samt skoleeigarar og skoleleiarar. Dagen gav viktige innspel til det vidare arbeidet og vurderingane vi må gjere. Eg har altså ikkje konkludert når det gjeld den nasjonale styringa av skoleleiing, det vil eg gjere i løpet av vinteren.

Eg minnest svært godt min rektor frå mi tid i barneskulen. Han var ein mann – alle rektorar var visst menn i mi tid. Han var ein alvorleg mann, men han var ein rettferdig mann. Vi hadde alle stor respekt for han.

3. Læraren 
Nest etter eleven er læraren den viktigaste personen i skolen. Og for elevane er læraren den viktigaste vaksne personen nest etter foreldra. Han eller ho (det er flest av dei siste) gjer noko av det viktigaste samfunnet har bruk for. Vi hugsar alle ein favorittlærar frå skoletida vår. Når vi tenkjer tilbake, kan vi kjenne at den gode kjensla av å bli sett og anerkjent av ein dyktig lærar.

Vi skal rekruttere dei beste ungdommane inn i læraryrket, vi skal støtte dei når dei er i startgropa og syte for at dei får høve til å lære og utvikle seg undervegs. Lærarutdanningane må bli betre, vi kan ikkje leve med slike evalueringar som allmennlærarutdanninga fekk for eit år sidan. Det er sett i verk mange gode tiltak både på kvar institusjon og i departementet for å forbetre mellom anna praksisopplæringa, som fekk hard medfart i evalueringa. Enkeltpersonar og organisasjonar har gitt innspel til struktur og innhald i ei ny utdanning, og eg gler meg til å samarbeide med min med-statsråd om desse utfordringane framover.

Vi vil stille krav til den formelle kompetansen som lærarane skal ha. I haust har det vore på høyring eit forslag om kompetansekrav i engelsk, norsk og matematikk for å bli tilsett i desse faga på ungdomssteget. Fleire krav vil bli vurdert etter kvart.Eg vil satse på at staten også etter at Kunnskapsløftet er innført, skal støtte økonomisk etter- og vidareutdanning for lærarar.

4. Eleven
Vi er heldige som har dei norske elevane. Dei er aktive, deltakande og bryr seg om kvarandre. Dei skårar høgt i CIVIC-undersøkingar (elevmedverknad, demokratiforståing), men dei skårar middels når det gjeld faglege prestasjonar. Kan det tenkjast at elevane våre ikkje yter den innsatsen dei burde? 

Det er stor skilnad mellom dei som greier seg godt og dei som har problem. Eit hovudproblem er at det er nær samanheng mellom kvalitet og sosial utjamning.
Vi har flinke jenter og gutar som heng etter, og for mykje uro i timane.

Det er grundig dokumentert at jenter gjør det betre enn gutane. Vi har derimot mye mindre kunnskap om kva årsakene til dette er. Forskarane er ikkje einige om kvifor gutar presterer dårlegare enn jenter. Den vanligaste forklaringa er at kjønnsforskjellar oppstår fordi gutar og jenter møter skolekvardagen med ulik innsats, ulik  læringsmotivasjon og ulike strategiar for læring.

Paradoksalt at det er liten forskjell mellom jenter og gutar når det gjeld synet på den rolla utdanning har. Begge kjønn meiner utdanning er viktig, uansett kva ein kjem til å drive med i framtida, og 96 prosent av begge kjønn meiner det er viktig å få gode karakterar. Trass i dette viser det seg at det er store forskjellar når det gjeld karakterresultat.

Det er flott at jenter jobbar og oppnår gode. Problemet er at gutane ikkje nytter tida i skolen til å lære. Vi treng meir kunnskap på dette feltet. NOVA har fått i oppdrag å utarbeide ei kunnskapsoversikt over årsaker til kjønnsforskjellar i utdanninga. Når rapporten frå NOVA ligg føre i desember i år, har vi eit betre grunnlag for å arbeide vidare med igangsetting av ny forsking og oppfølging og bruk av allereie eksisterande kunnskap.

Den enkelte skolen kan gjere mye, utan å vente på nye forskingsresultat. Skolane kan ta i bruk metodar for å finne ut av korleis gutane opplever skolen og undervisninga. Det å forstå dei og handlingsmønsteret deira er ein viktig føresetnad for å drive god opplæring. Her trengst det innsats frå skoleeigarane og leiinga og lærarane ved skolane. Det er viktig å bruke den kunnskapen som finst og knyte den saman med arbeidet i skolen. Dette blir allereie gjort på mange skolar. Det er flott! Eg ønskjer at enda fleire skal gjere det.

Ein samla strategi for kvalitet
Det er nødvendig med ein samla strategi for kvalitet for å kunne oppfylle målsetjinga om godt læringsutbytte for alle elevar og lærlingar. Staten har i dag sett i gang og finansierer eit breitt spekter av utviklingstiltak i grunnopplæringa. Summen av alle initiativa og utviklingstiltaka er ikkje eit resultat av ei samla vurdering av kva som er hovudutfordringane i grunnopplæringa.

Det er behov for ein grundig gjennomgang, og det vil bli laga ei stortingsmelding og ein samla strategi for kvalitet. Gjennom denne strategien blir det laga eit system for kontinuerleg kunnskapsinnhenting, slik at det blir enda tydelegare kva som må gjerast på ulike nivå. Det viktigaste er det som skjer på skolane; korleis dei i praksis kan tilføre elevane ein meirverdi  som fører til auka kvalitet på opplæringa og utjamnar forskjellar.

Det er mange positive trekk ved norsk skole, både når det gjeld materiell standard, fagleg nivå og eit inkluderande og utfordrande arbeidsmiljø. Vi veit at norske elevar liker å gå på skolen. Vi veit at norske lærarar er svært stabile i jobben. Vi veit at rektorane fortel om hardt arbeid og stor trivsel. Eg veit at det blir jobba hardt i norske skolar, med entusiasme og pågangsmot.

Dette skal vi halde fast på. Slik skaper vi ei tid for kvalitet! Slik byggjer vi eit solidarisk kunnskapssamfunn!