Historisk arkiv

Framtida finst i barnehagane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Vi er midt i ei historisk satsing på barnehagar. Frå å vere eit gode for dei få, har barnehagen no blitt eit tilbod til det store fleirtalet av barn i førskulealder.

Kronikk av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell
VG 19.11.07.

Vi er midt i ei historisk satsing på barnehagar. Frå å vere eit gode for dei få, har barnehagen no blitt eit tilbod til det store fleirtalet av barn i førskulealder.

 

 

Utbygging først
I dag er det om lag 43 000 fleire barn som går i barnehage enn det var i 2002, og prisen for ein barnehageplass er redusert med ein tredel. Dei store byane, som Oslo og Bergen, har framleis mange barn på venteliste, men samla sett er dei fleste av kommunane i mål med full barnehagedekning.

Det har vore nødvendig å prioritere dette utbyggingsløftet først. Og vi skal sluttføre det. I desse dagar sender vi ut forslag til endringar i barnehagelova på høyring, mellom anna forslag om ein lovfesta, individuell rett til barnehageplass. Det neste løftet blir på kvalitet. 

Små barn lærer fort og mykje
Vi veit no meir om kor viktig dei første åra i livet til barn er. Alle som har små barn veit at dei lærer fort og mykje - som ein liten revolusjon kvar dag. Regjeringa vil at alle skal ha like gode sjansar til å utvikle seg sjølve og evnene sine. Småbarnsalderen har sin eigenverdi. Eg er oppteken av å ta vare på den eigenarten barnehagen har, som arena for leik, omsorg og læring i det daglege saman med trygge omsorgspersonar og venner. Dei norske barnehagane har eit heilskapleg syn på omsorg og læring og har fått skryt av OECD for dette.

Lærelysta og tilliten til eigne evner er viktig. Utdanningssystemet bør så tidleg som mogleg stimulere og motivere den einskilde til å strekkje seg for å nå læringspotensialet sitt – uavhengig av bakgrunnen dei har. Her har barnehagen ei sentral rolle. Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne. Dette skal barnehagen støtte og slik gje eit godt grunnlag for livslang læring.  

Kompetent og kvalifisert personale
Mange barnehagar har høg kvalitet og arbeider systematisk med kvalitetsutvikling, men det er òg barnehagar som ikkje er like gode. Ei stor utfordring er mangelen på kvalifisert personale. Eit godt barnehagetilbod er avhengig av eit kompetent og kvalifisert personale. Mange peiker på at det stadig er fleire ufaglærte som går inn i pedagogiske stillingar med dispensasjon. Dei er urolege for kva dette vil ha å seie for kvaliteten på tilbodet. Delen førskulelærarar som arbeider i barnehagane, har vore stabil dei siste åra trass i sterk utbygging, og aldri før har det arbeidd fleire førskulelærarar i barnehagane.   

Rekruttering av førskulelærarar
I Oslo og Akershus har kvar femte barnehageleiar dispensasjon frå utdanningskravet som er stilt i barnehagelova. Det viser at det er behov for å styrkje arbeid med rekruttering. Derfor la Kunnskapsdepartementet i sommar fram ein strategi for rekruttering av førskulelærarar. Stadig fleire søkjer førskulelærarstudiet, og fleire førskulelærarar tek til å jobbe i barnehagen. Regjeringa har foreslått ein auke på 125 studieplassar i førskulelærarutdanninga neste år. Utfordringa no ligg i å halde på førskulelærarane i barnehagane og gjere barnehagen til ein attraktiv arbeidsplass. Det er viktig at førskulelærarar i framtida får ei utdanning som gjer dei godt rusta til å jobbe i barnehagen, og vi vil i 2008 i gang med ei evaluering av førskulelærarutdanninga. Fleire kommunar har sett i gang gode tiltak. Mellom anna er det fleire kommunar som freistar med gratis barnehageplass og høg lønn til nytilsette førskulelærarar. 

Kompetanseløft for alle tilsette   
Det blir stilt stadig større krav til kvaliteten på barnehagetilbodet, både fordi vi veit kor viktig dei første åra er, og fordi foreldre krev det beste for barna sine. Det er stor semje om at dyktige og engasjerte barnehagetilsette er den viktigaste faktoren for å skape eit godt barnehagetilbod. Førskulelærarane har eit særleg ansvar for kvaliteten, men alle yrkesgruppene i barnehagen trengst for å gi barna eit godt pedagogisk tilbod, gi omsorg og tryggleik og skape gode rammer for leik og læring. Det er i dag omlag 70 000 som arbeider i barnehagar i Noreg, og dei gjer ein kjempejobb! Men dei treng fagleg påfyll. Kunnskapsdepartementet har derfor sett i gang eit kompetanseløft for alle tilsette i barnehagane.  

Kunnskap om arbeidet i barnehagane
Vi treng meir kunnskap om arbeidet i barnehagane og om tilstanden i barnehagesektoren. Vi innhentar denne kunnskapen både gjennom forskingsprogram, kartleggingar og analysar. Vi skal mellom anna i gang med ei større evaluering av iverksetjinga av rammeplan for barnehagar. Barnehagane og skulen er ryggrada i kunnskapssamfunnet. Det er derfor ei god og framtidsretta investering å satse på barnehagar.  Med meir kunnskap om og forsking på barnehagar, vil vi betre kunne setje inn dei rette tiltaka som kan sikre barna våre eit godt barnehagetilbod og leggje grunnlaget for livslang læring og eit rikt liv for den einskilde. I framtida treng vi alle! 

Kvalitet i barnehagen
Ingen aksepterer noko mindre enn det beste for sine eigne barn. Og kvifor skal vi det? Det er bra at både foreldre og tilsette no er opptekne av at kvaliteten på barnehagetilbodet må prioriterast. Det vil barna tene på, og det vil samfunnet tene på. Barnehage er eit godt og viktig tilbod som mest alle no har tilgang til, til ein kraftig redusert pris. Kvaliteten i norske barnehagar er jamt over god, men alle som har ansvar for våre yngste, må arbeide kontinuerleg for at han skal bli endå betre. Det skal ikkje minst eg.