Historisk arkiv

Læraren viktigst i skulen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Innlegg i Dagsavisen 30. desember 2007 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

I Dagsavisen fredag har Odd Einar Dørum eit innlegg der han repeterer Venstre sine forslag om korleis utfordringane i skulen skal løysast ved satsing på lærarane. Forslaga er ikkje nye, og Venstre er heldigvis ikkje aleine om viljen til å satse på lærarane.

Læraren er den viktigaste vaksne i skulen og har avgjerande betydning for kva elevane lærer, og for kor god den norske skulen er. Difor er det sjølvsagt avgjerande å satse på lærarane framover. I budsjettet for 2008 er det sett av 375 millionar for å stimulere til etter- og vidareutdanning for lærarar i heile grunnopplæringa. Det er tredje året på rad at summen er så høg, og vi veit at kommunar og fylkeskommunar bruker like mykje. Det er dermed eit betydelig kompetanseløft som no blir gjennomført i skolen over heile landet. I åra framover må vi halde fram med ei systematisk satsing på lærarane. Eg har byrja planlegginga for 2009 og åra vidare framover, og den satsinga vil eg synleggjere i stortingsmeldinga om kvalitet som kjem til våren.

Vi kjenner alle debattane om lærarutdanninga, og det er sett i verk ein grundig prosess for vidare utvikling av denne utdanninga, både på nasjonalt nivå og ved kvar institusjon. Differensiering av utdanninga mot trinn og fag er eit drøftingstema i dette arbeidet. Eg forsikrar Dørum og alle andre om at Tora Aasland og eg saman vil snu alle steinar for å forbetre grunnutdanninga for lærarar. Dette gjer vi i dialog og godt samarbeid med alle involverte partar.

Dei skulebesøka eg har vore på i den korte tida eg har vore statsråd, har på ein overtydande måte vist meg at det blir gjort svært mykje godt arbeid i norsk grunnopplæring, og dette skal vi byggje vidare på. Samstundes som eg ser alt som er bra, er eg også merksam på utfordringane. Attraktivitet i læraryrket handlar om at lærarutdanningane må vere gode og relevante utdanningar, men like mykje om at skulen må vere ein god arbeidsplass. Difor er det viktig for meg å leggje kvalitet i skulen som ei plattform for det vidare arbeidet, og eg ser fram til å kunne leggje den nye meldinga fram for Stortinget.