Historisk arkiv

Den beste skulen i verda?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Innlegg av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i NHOs tidsskrift "Horisont", januar 2008.

Noreg er blant topplanda når det gjeld utdanningsnivå. Det er ikkje tilfeldig. Det kjem av at vi tidleg bygde ut ein grunnskule for alle, følgde opp med å gi all ungdom rett til vidaregåande opplæring og auka talet på studieplassar innanfor høgare utdanning. Gevinsten haustar vi no, eit folk med høg utdanning, som har vore i stand til å møte utfordringane og ta Noreg inn i kunnskapssamfunnet.

Internasjonalt får Noreg ros for mange sider ved utdanningssystemet vårt, mellom anna at vi i så stor grad har lukkast med inkludering. Men det kan ikkje vere tvil om at dei faglege resultata må betrast i åra framover. På den eine sida er det for mange som går ut av skulen utan grunnleggjande dugleikar, og på den andre sida treng vi fleire som utmerkjer seg gjennom sterke faglege prestasjonar.  

I desember i år fekk vi resultata frå to store internasjonale undersøkingar av kompetansen til norske elevar i lesing, matematikk og naturfag – PISA og PIRLS. I tillegg til desse har vi fått resultata frå dei nasjonale prøvene. Dei er ikkje opplyftande. Mange hadde nok venta at vi allereie no skulle sjå resultat av tiltak som vart sette i verk etter mellom anna PISA-undersøkinga i 2000.  

Men resultata viser at det har vore ein generell tilbakegang sidan 2000.  For realfaga har vi tal tilbake til 90-talet som syner at tilbakegangen har gått føre seg over lang tid. Medan Noreg før hadde resultat nært gjennomsnittet i OECD, ligg vi no tydeleg under gjennomsnittet i både lesing, matematikk og naturfag. Tilbakegangen har vore stor i lesing, særleg etter 2000. Undersøkingane viser også at det er store forskjellar mellom norske elevar, og at mange elevar manglar grunnleggjande dugleikar både i lesing og i rekning. Vi skil oss heller ikkje ut med å ha mange flinke elevar. Resultata tyder på at det er nokre djuptgripande problem i norsk skule som vi ikkje har lykkast å gjere noko med.

Tid for læring

Mest alvorleg er det at ein av fem elevar les så dårleg at dei har store problem med å forstå informasjon og tileigne seg kunnskap. Å kunne lese er grunnleggjande for all vidare læring og for å kunne meistre livet. Å ikkje kunne lese blir både eit problem for eleven i skulen og eit sosialt problem for den enkelte og for samfunnet. Dei seinare åra er mykje gjort for å styrkje leseopplæringa. Men dei nye prøveresultata syner at innsatsen ikkje har vore systematisk nok mange stader. PIRLS-undersøkinga tyder på at det blir lagt for lite vekt på lesetrening etter den første leseopplæringa.
Vi veit mykje om kva som vil styrkje opplæringa i lesing. Kommunar og rektorar må no vere med på å ta eit krafttak for å betre situasjonen. På nasjonalt nivå skal departementet medverke til å styrkje innsatsen for dei yngste barna. Forskinga syner at tidleg start er avgjerande, og at eit godt barnehagetilbod er viktig for god språk- og leseutvikling. Elevane skal dei første åra få fleire timar med god undervisning i lesing. Hausten 2008 blir timetalet utvida på barnetrinnet. Kompetente lærarar er viktige for at vi skal lukkast, og vi trapper no opp løyvingane til kompetansebygging for og etterutdanning i leseopplæring for lærarar. 

Dei som har gjennomført PISA-undersøkinga, og andre forskarar, har peikt på at utviklinga i norsk skule dei siste 10-15 åra har ført til at det blir lagt for lita vekt på læring av fag, det vil seie kunnskapar og dugleikar. Forskarar som har gjort observasjonar i norske klasserom, melder at tida blir brukt på mykje anna enn læring. Dette er alvorleg og tyder på at vi treng å styrkje kompetansen til lærarane både i fag og i klasseromsleiing.

Læraren

Vi må ha gode lærarar, og det må ikkje vere tvil om at det er læraren som har ansvar for opplæringa.”Ansvar for eiga læring” er ein god intensjon og eit viktig mål i seg sjølv, men det held ikkje som motto for dei yngste eller dei svakaste elevane. Eg trur vi skal sjå med nye auge på arbeidsmåtane i skulen. Dei seinaste åra har det vore ei individualisering som kan ha ført til at læraren har fått ei for tilbaketrekt rolle, og at elevane i for stor grad har vorte overlatne til seg sjølve. Særleg ser dette ut til å ha gått ut over dei svakaste elevane, som ofte treng struktur og støtte i læringsarbeidet. Mykje tyder på at vi ikkje har gitt lærarane den kompetansen som dei nye metodane krev. Når det er sagt, må vi ikkje undervurdere den solide jobben som blir gjord av lærarane i skulen. Når ikkje kompetansen strekk til, må vi styrkje etterutdanningstilbodet, styrkje lærarutdanninga, vurdere nye krav ved tilsetjing og få ei betre skuleleiing. Vi må også vurdere faglege krav, betre og meir systematiske utdanningstilbod til rektorar og andre leiarar i skulen. Vi må ikkje falle i den grøfta at vi skyt på den enkelte læraren og øydelegg motivasjonen til ei heil yrkesgruppe.

Trivsel – ikkje ein trussel mot fagleg resultat

I ein svensk studie  utført av Skoleverket samanliknar dei skular som har eit relativt likt elevgrunnlag, men som oppnår svært ulike resultat. Eit viktig fellestrekk ved dei skulane som lykkast, er at dei satsar på kunnskap, sosial omsorg og kontroll. Lærarane har sjølvtillit, har høge ambisjonar på vegner av elevane og viser handlekraft. Dei er motiverande, er pådrivarar og tek hand om elevane. Nære relasjonar blir kombinerte med ein innsats som er tilpassa elevane. Bodskapen er at trivsel og godt arbeidsmiljø er viktig på skulen, akkurat som i arbeidslivet, og det står ikkje i motsetning til målsetjinga om at elevane skal lære.

Eg vil også hevde at det å meistre sin eigen skulekvardag vil gjere at elevane trivst på skulen. Gode faglege resultat og trivsel heng med andre ord tett saman.

Skulen har fått utvida forventningar og oppgåver. Skulen skal ta seg av ei veldig samansett elevgruppe og skal vere inkluderande. Samstundes skal opplæringa vere tilpassa den enkelte eleven og tilbodet skal vere likeverdig.  Alle elevar skal ha same sjansar til å nå sine mål for opplæringa. Læraren skal meistre svært ulike elevar og ofte undervise i fag dei ikkje har spesialutdanning i.

Ein lærar har skrive følgjande til oss om opplevinga av å vere lærar:

”Å begynne å jobbe i skolen etter endt lærerutdanningen opplevde jeg som tøft fordi jeg til enhver tid skulle være ekspert i alle fag. I løpet av mine 4 år i grunnskolen har jeg heller ikke opplevd å undervise samme klassetrinn to ganger. For meg har det vært et nytt pensum hvert år. Jeg gleder meg til jeg skal undervise ett trinn jeg har vært i før, men sjansen er stor at det er en ny læreplan jeg skal gjøre meg kjent med da, slik at min gamle kunnskap er foreldet.” 

Slike tilbakemeldingar skal vi ta på alvor.

Vi må finne andre måter å drive utviklingsarbeid på i skulen enn dei store skippartaka som har prega dei siste tiåra. Skulen må som resten av samfunnet vere budd på eit kontinuerleg utviklingsarbeid i takt med samfunnsutviklinga. Men lærarane må inkluderast i utviklingsarbeidet og oppleve at det er stabilitet, sjølv om det også er endring. Vi har bak oss innføringa av ei ny stor reform i grunnopplæringa, Kunnskapsløftet. Reforma har ikkje verka lenge nok til at vi kan sjå resultat i dei undersøkingane vi no sit med resultata frå. Først om nokre år kan vi hauste resultata. Kunnskapsløftet legg vekt på tidleg start og grunnleggjande dugleikar som lesing og rekning i alle fag. Denne reforma skal no få tid til å verke, men utviklingsarbeidet held fram. Mellom anna treng vi eit betre system for elevvurdering som kan gjere at vi ikkje berre har klare mål for undervisninga, men også kan sikre at elevane til kvar tid får tilbakemelding på den faglege utviklinga.

Den beste skulen i verda

Norsk skule er desentralisert, og mykje ansvar er lagt til kommunane. Dei må ta tak i resultata lokalt og følgje dei opp med målretta tiltak. Både lokale og statlege styresmakter må kritisk vurdere ressurssituasjonen i skulen. Skulestyresmaktene lokalt og nasjonalt må gjere det mogleg for lærarane å ta ansvar, og lærarane må sjølve ta større styring med aktivitetane i klasseromma. 

Skal Noreg hevde seg som kunnskapsnasjon, må vi ha den beste skulen i verda, ikkje slå oss til ro med å vere midt på treet. Da må vi syte for at vi har ein skule der alle elevar har like store sjansar for å nå måla sine.