Historisk arkiv

Ein betre skule

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Innlegg av unnskapsminister Bård Vegar Solhjell i Aftenposten 1.3.2008 (svar til Finn Bergesens innlegg 21.2.)

Innlegg av unnskapsminister Bård Vegar Solhjell i Aftenposten 1.3.2008.

I Aftenposten 21.02.08 går administrerande direktør Finn Bergesen jr. i NHO til eit frontalangrep på meg. Han skuldar meg for å ”bagatellisere problemet” i skulen og skriv at ”å nyansere bort problemene er farlig”. Det er ein grov bom. Eg trur ikkje nokon har vore klårare på utfordringane og alvoret skulen står overfor enn meg. Eg vil likevel ikkje vere med på den nasjonale konkurransen i svartmåling av skulen, der Bergesen legg seg i tetfeltet. Fordi det er feil, og fordi det demotiverer dei som skal gjere jobben i skulen.

Resultata frå PISA, PIRLS og dei nasjonale prøvene er alvorlege. Særleg alvorleg er det at for mange norske elevar går ut av skulen utan å lese godt nok. Dei er ikkje analfabetar, men dei slit med å forstå og bruke det dei les. Det gjer at dei slit i andre skulefag som er tekstbaserte. Vi veit at det er ein sterk samanheng mellom lesing og fråfall i vidaregåande skule, og tidleg utstøyting frå arbeidslivet. Norsk skule må blir betre i å lære elevane å lese, skrive og rekne. Det er naudsynt fordi alle fortener like sjansar. Alle skal kunne bruke evnene sine til å lukkast, vi kan ikkje la menneske falle utanfor. Det er også viktige fordi samfunnet treng alle sin kompetanse og arbeidskraft. Vi har ikkje råd til å unnvere dei.

Eg meiner det er naudsynt å vere krystallklar i bodskapen om at skulen må bli betre, og særleg at alle må lære å lese og skrive godt.

Like krystallklar vil eg vere på å avvise forsøk på unyansert svartmåling av skulen. Leiaren i utdanningskomiteen på Stortinget, Ine Marie Eriksen Søreide frå Høgre, karakteriserte nyleg situasjonen i norsk skule som ei krise. Bergesen synest dette blir altfor svakt: ”Vi står ikke overfor en krise, vi står overfor et sjokkerende fenomen.” skriv han. Byråd for FrP i Oslo, Sylvi Listhaug, bidrar med sine synspunkt til Dagbladet 21.01: ”I dag er skolen en verna bedrift…” og vidare: ”I dag utdanner vi allmennlærere som ikke kan fagene de underviser i…”.

Slik omtalar ein ikkje norsk skule om ein vil skulen vel.

For det første er det usant. Det store fleirtalet av norske elevar lærer det dei skal lære på skulen, mellom anna fordi vi har dyktige og engasjerte lærarar. Undersøkingar viser også at den norske skulen på viktige felt gjer det godt samanlikna med andre land. Norske elevar har god samfunnsforståing og er flinke til å samarbeid. Vi har ein inkluderande skule med mindre mistrivsel enn i mange andre land. Viktig er det også at vi tar meir formell og uformell utdanning etter skulegongen enn dei fleste andre land. Mange av oss held fram med å lære heile livet.

For det andre verkar det destruktivt. Det er eit paradoks for meg at dei partia som snakkar høgast om å gi lærarane meir respekt, er dei same som riv ned respekten for lærarane og skulen gjennom omtalen sin. Det skjer i ein situasjon der kompetente lærarar går ut av skulen til anna arbeid, og der unge søkjer andre utdanningar enn læraryrket. Vi må bygge på det gode arbeidet som vert gjort i skulen kvar dag, og på dei dyktige lærarane som skal forbetre skulen. Vi skal motivere, ikkje bryte ned.

Kva skal vi så gjere for å betre skulen framover? For ei systematisk betring er naudsynt.

Vi må gi læraryrket eit løft. Vi skal både stille krav og gi støtte til lærarane og rektorane. Det inneber i første omgang å sikre at alle som blir tilsette for å undervise i norsk, matematikk og engelsk på ungdomstrinnet har nødvendig fagleg kompetanse. Det langsiktige målet er at alle lærarar skal ha solid fagkompetanse i dei faga dei underviser i. Vi skal derfor styrkje lærarutdanninga. Vi skal følgje opp med etter- og vidareutdanning. Vi vurderer ei eiga rektorutdanning, slik dei til dømes har i nabolandet vårt Sverige. Vi treng også fleire lærarar i skulen. Det er ein kamp om å rekruttere dyktig ungdom til læraryrket. Vi må gå saman om å vinne den kampen. Visjonen vår må vere at det om 10 år er godteke at lærarane er blant dei viktigaste yrkesgruppa i landet.

Vi kan ikkje tillate oss at ein stor del av elevane kjem ut av skolen utan å ha lært det mest grunnleggjande. Eg vil at alle som kjem til barnehagen og skulen skal bli sett – frå første dag. Vi skal satse på tidleg innsats når vi ser at barn i barnehagen og elevar i skulen har problem. Det inneber at vi må vri ressursane – lærarane, spesialundervisninga – i skulen mot dei første åra på barnetrinnet, og sørge for at alle som treng det får ekstra hjelp og oppfølging. Vi skal kartlegge grundig kva elevane som byrjar på skulen kan, og vi skal følgje kvar enkelt elev opp. Alle skal få utfordringar ut frå sitt nivå, alle skal ha med seg dei grunnleggande kunnskapane ein må lære. Eit godt barnehagetilbod til alle vil også vere ei god førebuing på dei første skuleåra. No går 93% av 3-5åringane i barnehage, noko som gjer eit utgangspunkt for å møte skulestarten betre førebudd.

Det må vere klare rammer for arbeidet i skulen som alle kjenner til og godtek. Elevar må få arbeide i ro med det dei skal – læring. Lærarane skal få bruke tida til det dei kan – undervisning. Vi kan ikkje skusle bort verdifull fagkompetanse.

Noko nytt inneheld artikkelen til Bergesen. NHO er blitt opptekne av å redusere skilnadar i samfunnet. Eg vonar dette er meir enn retorikk, i så fall er det skjedd ei viktig endring. Ser ein imidlertid på NHO sitt skuleprogram kan ein bli sterkt i tvil. Dei løysingane NHO argumenterer for er løysingar som vil auke skilnadane i Noreg. NHO tek til orde for ei privatisering av skulen, og vil ha marknadsløysingar inn i skulen. Dette er prøvd til dømes i USA og Storbritannia. Resultatet er større og varige skilnadar. Elevane blir segregert i ulike skular basert på økonomi og bakgrunn, kvaliteten på desse skulane blir særs ulik og bidrar til å halde opp skilja.

Også her viser Bergesen manglande innsikt. ”Utdanningssystemet i Norge utjevner ikke sosiale forskjeller, men forsterker dem. Vi har levd på en løgn". Samanhengen mellom sosial bakgrunn og skuleprestasjonar er for sterk. Vi må kjempe mot det. Men PISA 2006 viser også at denne samanhengen er svakare i Noreg enn i dei fleste andre land, inkludert dei nordiske landa. Vi har med andre ord lukkast betre enn andre på dette feltet, men ambisjonen må bli å gjere det enno betre. Dette er kanskje det Bergesen meiner er ei farleg nyansering?

Heller enn å sjå mot USA og Storbritannia (to land med svake PISA-resultat) bør vi sjå mot Finland. Finland har prioritert lærarane. Yrket har høg status og sterk søking, og dei har meir rom for fagleg fordjuping i lærarutdanninga. Finland har også prioritert å sette inn innsatsen i klasserommet så tidleg som råd. Opp mot 40% av finske elevar får særskild oppfølging det første, det tilsvarande talet i Noreg er under 15%.

Vi treng ein betre skule for framtida. Fordi alle ungar fortener ein sjanse. Fordi ein god skule legg grunnlaget for framtidas verdiskaping. Eg oppmodar NHO til å stille opp for skulen framover, ikkje til delta i ein konkurranse om svartmåling.