Historisk arkiv

Ein god skule skal bli betre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Innlegg av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i diverse lokalaviser uke 3 2008.

Norsk skule er god. Dei fleste elevane lærer mykje, dei fleste foreldra er nøgde med skulen barna går på. Eg vil åtvare mot ei svartmaling av skulen no. Vi må tvert imot motivere dei som skal gjere jobben – lærarar, rektorar og andre tilsette i skulen – til å halde fram det gode arbeidet for ein betre skule.

For vi må bli betre. Internasjonale undersøkingar har vist for dårlege resultat i matematikk, naturfag og lesing. Mest alvorleg er det at fleire elevar les dårleg samanlikna med for få år sidan. Ein av fem norske elevar les ikkje godt nok til fullt ut å kunne forstå og gjere seg nytte av det dei les. Lesing er grunnlaget for læring i mest alle faga og viktig i dei fleste yrka. Det er nødvendig kunnskap for livet. Resultata vi har fått den siste månaden, er alvorlege for den enkelte og for samfunnet. Det er mange tiltak og forbetringar som må gjennomførast. La meg trekkje fram nokre:

Vi skal ha eit lærarløft. Noreg treng fleire lærarar. Dei lærarane vi har, må få tilbod om fagleg påfyll. Lærarutdanninga må styrkjast slik at lærarne i framtida får den best moglege utdanninga. Vi veit kor viktig læraren er for å sjå kvar elev og gi den oppfølginga kvar enkelt treng.

Vi vil styrkje undervisninga i lesing og skriving i skulen, særleg dei første åra. Vi skal halde fram med ei systematisk satsing på lesing i alle fag. Å knekkje lesekoden tidleg legg grunnlaget for ein god skulegang. Samstundes er det aldri for seint, og vi må ha fokus på lesing også etter 4. steget.

Skuledagen skal utvidast for dei yngste elevane. I haust får vi fem nye timar i norsk, matematikk og engelsk. Ein ny skuledag vil gradvis gi fleire skuletimar, men også meir fysisk aktivitet og meir tid til oppgåveløysing på skulen.

Det skal ikkje vere tvil om at det er skulen som har ansvar for læringa til elevane. Lærarane skal få tillit og ansvar for dei resultata elevane oppnår. Samstundes veit vi at foreldreengasjementet har mykje å seie for læringa. Derfor må skulen også ta ansvar for å trekkje foreldra med, slik at dei får innsikt i skulekvardagen til barna, og slik at dei kan påverke han.

Sist, men ikkje minst: Vi skal ta vare på og styrkje den offentlege fellesskulen. Mest alle elevar i Noreg går i den offentlege skulen. Vi skal satse på han, ikkje setje i gang med eit privatiseringseksperiment.