Historisk arkiv

Fordi dei fortener det

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Noreg bør innføre eit førskoletilbod til alle femåringar i regi av barnehagen. Tilbodet vil leggje eit enda betre grunnlag for læringa til barna. Ikkje ved å setje meir skule i staden for barnehagen, men ved å anerkjenne det gode pedagogiske arbeidet som blir gjort i barnehagane og sikre at alle får del i det.

Innlegg i bladet Utdanning av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

 

Barn leserNoreg bør innføre eit førskoletilbod til alle femåringar i regi av barnehagen. Tilbodet vil leggje eit enda betre grunnlag for læringa til barna. Ikkje ved å setje meir skule i staden for barnehagen, men ved å anerkjenne det gode pedagogiske arbeidet som blir gjort  i barnehagane og sikre at alle får del i det.

 

Første skuledagen er ein viktig merkedag i livet. For både barn og foreldre er det ein stor overgang når barna første gongen går inn skuleporten. Dei fleste norske elevane gjer det godt på skulen. Dessverre veit vi at alt for mange norske barn går ut av skulen utan grunnleggjande kunnskapar, og at mange fell frå utan å ha fullført vidaregåande opplæring. Særleg alvorleg er det at så mange som ein av fem elevar går ut av grunnskulen utan å kunne lese godt nok. Slit du med lesing, blir andre skulefag også tunge, og du kan fort få problem i arbeidslivet. Skal vi snu dette, treng vi ein tidleg innsats for alle barn som treng hjelp. Regjeringa vil i tida framover leggje fram forslag som sikrar tidleg innsats i skulen.

Men det er ikkje berre i skulen at barn lærer. Barnehagen er også viktig når ein vil satse på kunnskap. Den barnehagerevolusjonen vi har vore gjennom dei siste tiåra, inneber at 96 pst. av alle som byrjar på skulen til hausten, har vore innom barnehagen. Dei har lært mykje om korleis det er å vere saman med andre barn, og kva for reglar som gjeld i samvere med barn og vaksne. Dei har fått  eit pedagogisk tilbod der vitelyst, kreativitet og det å vere nyfikne har fått støtte. Barnehagen stimulerer språkutviklinga til barn og tek for seg dei same hovudtema som barn vil møte i skulen.

Den store satsinga på barnehage er i seg sjølv viktig for læring. Vi veit at det er ein samanheng mellom å gå i barnehage og resultat i lesing på skulen. Den såkalla PIRLS-undersøkinga som kom i vinter, viser at kvart år ekstra i barnehagen gir betre resultat i lesing på fjerde trinn i skulen. Vi må likevel gjere meir.

Det er no på tide å gå vidare med ei ny kunnskaps- og kvalitetssatsing i barnehagen. Fleire førskulelærarar og enda betre kompetanse er viktige element i denne satsinga. Ein førskule for alle er enda eit skritt. Det førebur alle barn på skulegang, og vidarefører det beste i barnehagetradisjonen som tek vare på den eigenverdien barndommen representerer.

Tilbodet om førskule til femåringane bør vere på minst 12 timar i veka. Det skal være gratis og det skal være obligatorisk.

Eg har to viktige grunnar for forslaget mitt:

  • For det første vil det vere ei stor kunnskapssatsing. Vi veit at små barn lærer fort, og dei fleste har ei enorm lærelyst. Det er viktig at barna får utvikle evnene sine og potensialet sitt tidleg, og at alle får det same gode grunnlaget for skulegang. Eit godt pedagogisk tilbod i samsvar med kunnskap og innsikt om barndom og dei behova barn har, medverkar til dette. Det viktigaste er likevel at alle barn som treng det, får hjelp så tidleg som mogleg. Svært mange slit med lesing, rekning, å følgje reglar og andre viktige ting ein skal lære på skulen. Ein førskule i barnehagen med ei systematisk satsing på kunnskap vil kunne gi hjelp til dei som treng det.
  • For det andre er det eit viktig sosialt forslag. Av dei 5-åringane som ikkje går i barnehage i dag, er det heilt sikkert mange som har eit godt tilbod. Men ikkje alle har det. Mi uro gjeld dei barna som ikkje har det, og som kunne fått eit langt betre utgangspunkt for skulegang dersom dei hadde gått i barnehage. Ein førskule for alle kan få mykje å seie for å jamne ut sosiale skilnader og for å gjere det mogleg for alle å lykkast i skulen.

Eg ser at nokre debattanter fryktar at eit slikt tilbod vil innebere ein tidlegare skulestart. Det er det ingen grunn til å vere redd for. Barndommen er ein livsfase med eigenverdi. Vi må ikkje berre sjå på denne delen av livet som ei førebuing til skulen og vaksenlivet. Ein obligatorisk førskule bør vere innanfor den rammeplanen for barnehagane vil har i dag. Innhaldet i tilbodet bør konsentrere seg om å lære barna grunnleggjande omgrep, sosiale dugleikar og evne til å delta aktivt og konstruktivt i eit fellesskap med jamaldrande. Språk og språkstimulering må ha ein sentral plass i tilbodet, fordi det er grunnleggjande for anna læring. Tall, former, natur og andre viktige tema høyrer også naturleg inn.

Å sikre kompetent personale i barnehagen er nødvendig for at ein førskule skal halde god kvalitet. Det er personalet som er ryggrada i barnehagen, og som sikrar eit godt tilbod. Eg ser for meg vi må halde oppe nogjeldande pedagognorm i barnehagen, slik at tilbodet til dei andre barna i barnehagen ikkje blir svekt. Den praksisen vi har i dag, når det gjeld dispensasjonar, kan likevel ikkje gjelde i ein førskule. Her må norma for pedagogisk personale oppfyllast for å sikre topp kvalitet. Dette krev fleire pedagogar i barnehagen enn det vi har no. Utrekningar frå Statistisk sentralbyrå viser at vi kan få mange nok førskulelærarar om fire fem år. Ein førskule bør derfor innførast først mot slutten av neste stortingsperiode. Da vil vi truleg ha nok førskulelærarar til å oppfylle gjeldande pedagognorm.

Gjennom tiår har SV kjempa for barnehagen i Noreg, for utbygging, for lågare pris, for eit godt pedagogisk tilbod og for rett til plass. No meiner eg vi skal vere villige til ei ny satsing. Vi bør gi alle femåringar eit tilbod som byggjer på barnehagepedagogikken og som treff lærelysta til små barn. Vi ønskjer derfor å auke kvaliteten i barnehagane, styrkje statusen i barnehagearbeidet  og syte for at alle barn får tilgjenge til eit godt barnehagetilbod.