Historisk arkiv

Venstre, skulen og lærarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

I Dagsavisen 25. august skriv Odd Einar Dørum og Kjell Veivåg klokt og reflektert om å satse på skulen og lærarane. Som SV har Venstre tradisjonelt vore eit lærarparti. I SV har vi lenge stått fast på at den kompetansen lærarane har, og den tida dei har til rådvelde, er det viktigaste for å skape ein god skule.

 

Innlegg i Dagsavisen 3. september 2008 av kunnskapsminister Baard Vegar Solhjell

 I Dagsavisen 25. august skriv Odd Einar Dørum og Kjell Veivåg klokt og reflektert om å satse på skulen og lærarane. Som SV har Venstre tradisjonelt vore eit lærarparti. I SV har vi lenge stått fast på at den kompetansen lærarane har, og den tida dei har til rådvelde, er det viktigaste for å skape ein god skule. 

Fleire av tiltaka Venstre tek opp i artikkelen, har derfor regjeringa allereie varsla at ho vil følgje opp. Til dømes krev Dørum og Veivåg eit systematisk system for etter- og vidareutdanning. Det har vi varsla skal komme. I stortingsmeldinga om kvalitet i skulen som vart lagd fram før sommaren, varsla regjeringa at vi skal lage eit varig system for vidareutdanning. Norske lærarar vidare- og etterutdannar seg mindre enn europeiske kollegaer, ikkje fordi dei ikkje vil, men fordi slik supplerande utdanning ikkje har vore høgt nok prioritert av politikarane. I tillegg foreslår vi at det blir skipa eit eige utdanningstilbod til norske rektorar, for å gjere dei til enda betre, faglege skuleleiarar. 

I stortingsmelding om kvalitet i skulen foreslår vi også ein lese- og reknemilliard til lærarar i norsk og matematikk på 1.-4. årssteget. Det er viktig å målrette ressursane inn mot dei første læreåra. Vi må dessverre konstatere at vi til no har hatt ei ”vente-og-sjå-haldning” når problema har komme i norsk skule. I staden for å løyse problema tidleg mens dei kanskje er små, har dei fått vekse seg store gjennom fleire skuleår. Dersom du ikkje kan lese og skrive godt nok, treng du sjølvsagt hjelp i andre fag seinare. Elevane må ha grunnleggjande dugleikar tidleg. Da vil dei etter kvart lykkast i andre fag på ein heilt annan måte. 

Mange lærarar fortel meg om ei utvikling i skulen der meir og meir av tida forsvinn i byråkrati og kontorarbeid, og at dei har mindre tid til elevane. Det blir for lita tid til det som er viktigast: førebu og gjennomføre undervisninga. Dette må vi ta på alvor. Frå helsevesenet kjenner vi diskusjonen om å frigjere tid for kirurgane slik at dei kan operere. Det same må gjelde for lærarane. Det viktigaste dei skal gjere, er å lære bort. Derfor skal vi oppnemne eit utval som skal sjå på dei oppgåvene lærarane har. Siktemålet er få vekk alle tidstjuvane.  

Eg reknar med å frå støtte frå Venstre til desse tiltaka. Dersom Venstre er einig, burde ikkje partiet kritisere SV. I sju av dei siste elleve åra har Venstre sete  i regjeringa. Venstre har derfor eit vesentleg ansvar for den skulepolitikken som har vore førd, og for den skulen vi har i dag. Eg har mange gonger rost Venstre for det engasjementet partiet har for skulen. Samstundes er det monaleg avstand mellom skoleretorikken til Venstre i opposisjon og resultata partiet kan vise til frå tida i posisjon. 

Venstre går inn for eit kompetanseår – med jamne mellomrom – for alle lærarar. Det vart ikkje noko kompetanseår da Venstre sat i Regjeringa. Ikkje ein gong ein kompetansedag. Det vart heller ikkje noko varig system for vidareutdanning, slik den raud-grøne regjeringa no har varsla. Derimot vart skuledagen utvida med fleire timar. Det var bra. Men Venstre meiner no at det var ei feilprioritering. Venstre etterlyser tiltak dei ikkje gjennomførde da dei hadde makt og vender ryggen til tiltak dei tidlegare har kjempa for.  

Det er eit problem at Venstre snakkar som SV, men da dei hadde sjansen til å realisere politikken sin, kom det inga lærarsatsing. Tvert imot. Det vart full konflikt med lærarane og kutt i kommunebudsjetta. 

No må vi likevel konsentrere oss om korleis vi saman kan gjere skulen betre. Den lærarsatsinga som Venstre etterlyser, er no i gang.  

Det vart varsla eit varig system for vidareutdanning av lærarar før sommaren, og innhaldet vil bli lagt fram i haust. Det kjem pengar, og vi vil syte for ei klarare nasjonal styring for å sikre at det blir fleire lærarar i skulen frå hausten 2009. Det kjem ei eiga rektorutdanning, og vi arbeider for å få til ei ny lærarutdanning av topp kvalitet. Eg vil invitere til samarbeid om dette lærarløftet. Ei slik satsing må vere langsiktig, og ho må stå seg over val og regjeringsskifte. Lærarar og andre skulefolk skal kjenne seg trygge på at vi faktisk vil satse på fleire og betre lærarar.