Historisk arkiv

Debattinnlegg i VG 5.2.2009

Hjelp til leksene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Lekser skal ikkje avskaffast, men elevane skal få hjelp til leksearbeidet, foreldra skal få redusert presset som leksene fører til og lærarane skal sjå til at leksene er gjorde, meiner kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell .

Alle skal få tilbod om leksehjelp i SFO etter skuletid, og vi må gradvis utvide leksehjelpa også frå 5. klassesteget. Lekser skal ikkje avskaffast, men elevane skal få hjelp til leksearbeidet, foreldra skal få redusert presset som leksene fører til, og lærarane skal sjå til at leksene er gjorde. 

Dei siste vekene har det vore ein engasjert debatt om lekser – mellom anna på Facebook. Lekser er noko som mange er opptekne av, og det er alvorleg når vi kan slå fast at mangel på hjelp med leksene skaper sosiale forskjellar.  

Eg trur ikkje at skulen skal slutte å gi lekser. Elevane må framleis ha skulearbeid utanom skuletimane. Det må trening til om ein skal meistre noko. Det gjeld også i skulefaga. Men for å bli god må ein ha ein trenar, og treninga må vere slik at ho gir framgang og skaper meistring. 

Vi må få slutt på at foreldra opplever at skulen legg eit ansvar på dei, slik at dei må ta seg av fagleg oppfølging på lik linje med lærarane. Foreldra kan påverke barna på ein avgjerande måte gjennom å motivere dei til å arbeide med skulefaga, skape gode haldningar til skule og læring, sjå til at dei får gode arbeidsrutinar og oppmuntre til lesing og leksearbeid. Men det faglege er først og fremst eit ansvar for skulen. 

Eg meiner at det skal vere mogleg for alle å gjere seg ferdig med leksene på skulen. På dei første klassestega bør alle få tilbod om leksehjelp gjennom SFO. Sentrale styresmakter må stille krav om at det skal finnast eit slikt tilbod i alle SFOar i landet, og at ein time av dette tilbodet kvar dag skal vere gratis. På den måten kan vi sikre at alle får leksehjelp. På dei andre klassestega bør tilbodet om leksehjelp byggjast ut litt etter litt. Vi veit at mange skular alt i dag gir eit tilbod om leksehjelp, men vi må sikre at ei slik ordning gjeld alle elevane på alle skulane. 

Mange har tankar om lekser i skulen, med erfaringar frå eiga skuletid eller frå lekselesinga til barna. Arbeidet med leksene kan vere gode stunder for barn og foreldre, der ein gler seg over meistring og ny læring. Hos dei minste er det ei glede at dei no er så store at dei har fått lekser. Men for mange barn – og vaksne –  er leksearbeidet ein dagleg porsjon med masing, kjensle av ikkje å kunne hjelpe barnet sitt og frustrasjon fordi ein ikkje har nokon å spørje til råds. 

Det finst for mange elevar som sit aleine med leksene frå middag til kveld, og som kjenner seg hjelpelause fordi dei ikkje har vaksne som kan hjelpe dei. Det er i slike situasjonar at eit barn kan kjenne leksene som noko urettvist. Det er dei same elevane som gruer seg til skulen neste dag når leksa skal gjennomgåast. Dobbel plage og dobbelt tap, kan ein seie. Det er dette vi må få ei endring på. 

At skulen ikkje følgjer opp leksearbeidet som barna gjer, er eit anna problem. Ulike undersøkingar viser at svært mange lærarar ikkje kontrollerer om leksene er gjorde eller ikkje, eller om dei er gjorde på rette måten. Lekser som ikkje blir følgde opp, har liten verdi. I lærarutdanninga må vi  ha ei sterkare vektlegging av kva klasseleiing og god planlegging av  skule- og heimearbeidet har å seie. 

Elevane må rekne med å ha det keisamt, seier Ine Marie Eriksen Søreide frå Høgre i en kronikk i VG 30. januar. Eg meiner vi skal ha større ambisjonar. Målet må vere å skape ein skule som gir elevane lyst til å lære, og som motiverer dei til å fullføre skulegangen. Ein rektor sa ein gong til meg: Det finst ikkje skuletrøytte elvar, berre elevar som er trøytte av ikkje å lære. 

Kronikken seier mykje om politikken til Høgre. Ine Marie Eriksen Søreide meiner at ein framtidig heildagsskule ”ikke [må] oppfattes som et signal om at det offentlige skal ta over nesten hele ansvaret for opplæringen av barna.” Det er mange sider ved foreldreansvaret som skulen eller det offentlege elles, ikkje skal ta over. Men eg er grunnleggjande ueinig med Eriksen Søreide i at opplæring ikkje er eit offentleg ansvar. Tvert imot: Når mange elvar lærer for lite, må skulen ta eit større ansvar for opplæringa. Alt anna ville vere å svikte dei som lærer for lite. Risikoen er at dei ikkje klarer seg som vaksne.  

Forslaget mitt til ny skuledag og gratis SFO med leksehjelp handlar ikkje om at barna skal få ein lengre dag på skulen, men dei skal få ein betre dag. Ni av ti i SFO-alder er allereie på skulen ein heil arbeidsdag. Tilbodet skal innebere at alle elevar får dei sjansane dei fortener. Når dei aller fleste av dei minste skulebarna no går i SFO, må vi ta konsekvensen av det og syte for at dei får meir ut av dagen, og at dei har meir tid og krefter til disposisjon når dei kjem heim. 

Vi har to store utfordringar i norsk skule. Dei heng tett saman:
Altfor mange går ut av skulen utan gode nok kunnskapar og dugleikar, og det er sosiale ulikskapar når det gjeld læring. Elevresultata skal ikkje vere avhengige av familiebakgrunn. Det er tilfellet i altfor stor grad i dag.

Viktige stikkord for den skulen vi ønskjer oss i framtida, er ein skule med nok kompetente lærarar, betre tid til læring, måltider og til fysisk aktivitet og ei meir medviten haldning til lekser og leksearbeid. Det er ein skule som tek omsyn til at elevar er ulike, og at dei er heile menneske. Tida er no inne for at SFO blir ein naturleg del av skuledagen. Kanskje treng ordninga eit nytt namn, men ho skal framleis vere frivillig. Og skuledagen skal innehalde både god og intensiv læring og sosiale rom. Det skal være plass til læring, aktivitet, kvile og mat. Ein stad der alle skal ha dei same sjansane til å lære og til å skaffe seg ei utdanning som gjer dei budde til å meistre det livet dei møter etter skulegangen.