Historisk arkiv

Lærarsatsinga GNIST

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Innlegg av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell og forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland i KLassekampen 9. februar 2009.

Av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell og forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland. 

Thyge Myhre skriv i Klassekampen 5. februar om den nye lærarsatsinga GNIST. Han er svært kritisk til innhaldet og tviler på om ei slik satsing vil vere til nytte. Vi trur han tek feil, og vi ønskjer derfor å komme  med nokre faktaopplysningar om kva GNIST faktisk er, og kven som står bak denne satsinga. 

GNIST er ei langsiktig og heilskapleg satsing på læraren. Eit forpliktande partnarskap mellom lærarorganisasjonane, LO, NHO, studentorganisasjonar, kommunane gjennom KS og Kunnskapsdepartementet skal sikre at lærarsatsinga blir berekraftig framover. Det er unikt at så mange og ulike organisasjonar går saman om ei slik satsing. 

GNIST går over fleire år, og er eit partnarskap for og ein overbygning over mange tiltak som samla sett vil vere viktige for lærarrolla i åra som kjem. Hovudtiltaka femner om betre rekruttering til lærarutdanningane, ny lærarutdanning, eit varig vidareutdanningssystem, fleire vegar til yrket, karrierevegar i sektoren og betre rettleiing av nyutdanna personale. Dersom dette er ”moteord, fyndord og tomme fraser” har Thyge ikkje sett seg inn kor mykje som verkeleg blir løyvt til desse tiltaka. 

Lærarar med høg, fagleg og pedagogisk kompetanse er den viktigaste føresetnaden for god kvalitet i skulen. I åra framover vil det vere ei utfordring å rekruttere, utdanne og halde på kompetente lærarar i skulen. Derfor er det viktig at så mange aktørar i samfunnet som mogleg går saman for å nå dette målet. Vi skal byggje på alt det godt som blir gjort i skulen, og vi skal syte for at lærarane blir møtte med støtte og respekt som dei fortener.