Statsbudsjettet for Kunnskapsdepartementet 2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
- Kunnskap for framtida
Artikkel | Sist oppdatert: 30.05.2009
Den raudgrøne regjeringa satsar på barnehage, utdanning og forsking for å utvikle Velferds-Noreg. Regjeringa foreslår mellom anna å bruke om lag 2 milliardar kroner på å styrkje kvaliteten i skulen i 2009. Tiltak knytte til å lyfte lærarstatusen, gjere læraryrket meir attraktivt og heve kvaliteten i grunnopplæringa skal prioriterast.
– Vi skal satse kraftig på skulen i åra som kjem. Særleg vil vi ta grep for å få fleire lærarar og gi lærarane eit betre grunnlag for å utføre yrket sitt, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell og forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland. Les mer her