Historisk arkiv

Effekten av klassestørrelse på undervisningen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Analyser

Ein ny engelsk studie viser at det er meir ein-til-ein kontakt mellom lærar og elev i små enn i store klasser og at elevane generelt har ei meir aktiv rolle i klasserom med færre elevar. Forskarane meiner likevel at lærarar ikkje er flinke nok til å gjera nytte av å undervise i små klasser. (24.08.07)

Ein ny engelsk studie viser at det er meir ein-til-ein kontakt mellom lærar og elev i små enn i store klasser og at elevane generelt har ei meir aktiv rolle i klasserom med færre elevar. Forskarane meiner likevel at lærarar ikkje er flinke nok til å gjera nytte av å undervise i små klasser. (24.08.07)

Mange studiar konkluderer med at klassestorleik har lite å seie for elevenes resultat. Denne studien handlar ikkje om læringutbyte. Forskarane frå University of London undersøker her kva klassestorleik har å seie for korleis undervisninga blir lagt opp i klasseromma og kva det har å seie for kvaliteten på undervisninga. Dette er det ifølge forskarane mindre semje om.  

Forskarane har henta data frå den engelske grunnskulen, frå fjerde til sjette trinn. Det vil seie at borna var mellom åtte og elleve år ved måletidspunktet. Studien er ei oppfølging av ein tidlegare studie som også såg på samanhengen mellom klassestorleik og undervisning. Observasjonar frå den første studien viste at det var meir ein-til-ein-kontakt mellom lærar og elev i klasser med få elevar.[1] I tillegg vart det brukt meir tid til undervisning totalt sett i små klasser. Spørjeskjema til lærarane og casestudiar frå nokre klasserom bekrefta desse funna.  

Utvalet i denne studien omfattar elevar frå godt over 200 skular. 40 av desse skulane var også med i den første undersøkinga. Denne artikkelen byggjer som den forrige studien på data samla inn frå systematiske klasseromsobservasjonar, 486 spørjeskjemaer til eit utval av lærarane og meir detaljerte casestudiar av 20 klasser. 

Meir direkte kontakt mellom lærar og elev i små klasser

Klasseromsobservasjonane er ordna i forskjellige kategoriar. Kategoriane dekkjer relativ tidsbruk på ulike arbeidsformer og ulike fag, og gjev ei skildring av korleis barna agerer i klasseromssituasjonen. Alle desse kategoriane har ulike underkategoriar.     

Resultata frå klasseromsobservasjonane viste store skilnader i omfanget av elev-lærar-kontakt mellom store og små klasser. I små klasser er det meir direkte kontakt mellom lærar og elev enn i store klasser, sjølv om det ikkje er mykje av det nokon stader. Resultata tyder også på at elevar i små klasser speler ei meir aktiv rolle i den kontakten dei har med lærarane enn elevar i større klasser. Elevar i mindre klasser tek i følgje forskarane meir initiativ sjølve, i staden for berre å svare på spørsmål frå læraren. Det er ikkje ulike effektar for ulike grupper elever, det vil seie at det generelle mønsteret gjeld for alle elevar uavhengig av kjønn, familiebakgrunn og tidlegare skuleprestasjonar. 

Tilpassa opplæring vanskeleg i store klasser

I spørjeskjemaene svarte halvparten av lærarane at dei hadde større problem med å tilpasse opplæringa til kvar einskild elev dess større klassene var. Dette resultatet er neppe veldig overraskande, om ein ikkje blir forundra over at halvparten av lærarane faktisk ikkje meiner dette er eit problem. 

Mange av lærarane svarar òg at det er vanskeleg å sjå problem elevene måtte ha tidleg og raskt nok gi den hjelpa dei treng dersom klassene blir for store. Lærarane er særleg bekymra for dei elevane som ligg i ytterpunkta av prestasjonsskalaen. Dersom klassa blir for stor er det vanskeleg å gi undervisning som er tilpassa denne elevgruppa, både dei flinkaste og dei svakaste elevane. Mange legg seg derfor ein stad i midten og ”mister” slik dei som kanskje har størst behov for individuell tilpassing. 

Heilklasseundervising og individuelt arbeid mest vanleg

Casestudiene viser at dei mest vanlege undervisningsformene uansett klassestorleik er heilklasseundervisning og individuelt arbeid. Heilklasseundevisning der elevane er passive mottakarar er imidlertid meir vanleg i større klasser enn i små. Dette støttar opp om resultata frå dei systematiske klasseromsobservasjonane. Forskarane understrekar likevel at dei observerte fleire eksempel på heilklasseundervisning med svært høg kvalitet, med konsentrert fagleg fokus og høg grad av elevdeltaking. Desse gode eksempla fanst i både store og små klasser. På tross av dette var det ingen av lærarane som uttrykte at dette var eit brukbart pedagogisk alternativ til meir individuell rettleiing av kvar einskild elev. 

Forskarane fann at dess større klassene var dess mindre direkte kontakt var det mellom lærar og elev. Også dette funnet stemmer bra med funna frå klasseromsobservasjonane og spørjeskjemaene.  

Uutnytta potensial for læring

Sjølv om det er meir direkte kontakt mellom lærarar og elevar i små klasser, er det likevel lite av den totale tida som går med til slik individuell rettleiing, enten det er av den einskilde eller av elevar i mindre grupper. 

Som nevnt viser mange studier at samanhengen mellom klassestorleik og læringsutbyte er liten eller ikkje eksisterande. Desse forskarane hevdar noko av grunnen er at lærarar som underviser i små klasser ikkje er flinke nok til å gjera nytte dette i arbeidet med å få betre tilpassa opplæring. Dei meiner resultata i denne undersøkinga viser at det er eit stort uutnytta potensial i dei fleste klasserom, men at dette potensialet er særleg stort i klasserom med få elevar. Generelt hevdar dei at lærarar i både store og små klasser må bli flinkare til å utvikle strategiar for meir individuell rettleiing, men at dei også må sjå nytta av andre måtar å undervise på, for eksempel gjennom gruppearbeid. 

Kilde: Peter Blatchford et.al.: The effect of class size on the teaching of pupils aged 7-11 years, School Effectiveness and School Improvement, Volume 18, Issue 2 June 2007 , s. 147 - 172 

[1] Klasser med færre enn 25 elevar reknast som små, klasser med over 31 elevar reknast som store