Historisk arkiv

Ekstra tilskot til Music Export Norway

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet gir eit ekstratilskot til Music Export Norway på 923 000 kroner for å styrkje arbeidet med eksport av norsk musikk.

Nr.: 195/2006
Dato: 29.12.2007

Ekstra tilskot til Music Export Norway

Kultur- og kyrkjedepartementet gir eit ekstratilskot til Music Export Norway på 923 000 kroner for å styrkje arbeidet med eksport av norsk musikk.

- Sjølv om kultursatsing i utlandet i utgangspunktet ikkje høyrer til ansvarsområdet til Kultur- og kyrkjedepartementet, er dette eit område eg er opptatt av. Eg er nøgd med å kunne gi eit bidrag til dette viktige arbeidet, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

- Det er stor interesse for norske musikarar og norsk musikk i utlandet. Music Export Norway gjer eit viktig arbeid med å leggje til rette for eksport av norske musikkprodukt.