Historisk arkiv

NRK "Alltid"-kanalar får forlengd frekvensløyve

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Samferdselsdepartementet har vedteke at NRK skal få nytte frekvensressursar i FM-bandet til sine radiosendingar ”NRK Alltid Nyheter”, ”NRK Alltid Klassisk” og ”NRK mPetre” ut 2007.

NRK ”Alltid”-kanalar får forlengd frekvensløyve

Samferdselsdepartementet har vedteke at NRK skal få nytte frekvensressursar i FM-bandet til sine radiosendingar ”NRK Alltid Nyheter”, ”NRK Alltid Klassisk” og ”NRK mPetre” ut 2007.

I samband med at NRK har avvikla sendinga ”NRK Alltid Stortinget” har Samferdselsdepartementet avgjort at dei ledige ressursane skal øyremerkast til bruk for lokalradio. Desse frekvensressursane vil bli utlyste i samband med ny lokalradiokonsesjonsperiode som skal gjelde frå 1. januar 2008.

NRK har konsesjon på frekvensressursane i FM-bandet fram til 1. november 2006. Selskapet har søkt om ei forlenging av konsesjonsperioden, i første omgang ut 2007. NRK driv utvikling av digital radio, såkalla DAB, og dei analoge sendingane i FM-bandet kan etter kvart bli fasa ut. I overskueleg framtid vil det likevel bli distribusjon både av analoge og digitale radiosendingar.