Historisk arkiv

1,7 millionar kroner i ekstratilskot til frivilligsentralane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

– Frivilligsentralane over heile landet er viktige møteplassar i lokalmiljøa. Frivillig arbeid er ein nøkkel til å byggje sosiale fellesskap, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Pressemelding

Nr.: 199/05
Dato: 21.12.2005
Kontaktperson: Rådgiver Solveig Bjerknes, tlf. 22 24 76 39

1,7 millionar kroner i ekstratilskot til frivilligsentralane

Kultur- og kyrkjedepartementet styrkjer det frivillige arbeidet med 1,7 millionar kroner i ekstra tilskot til frivilligsentralane i 2005. – Frivilligsentralane over heile landet er viktige møteplassar i lokalmiljøa. Frivillig arbeid er ein nøkkel til å byggje sosiale fellesskap, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Det er for tida 266 frivilligsentralar i Noreg, som kvar for seg vil få tildelt 6500 kroner. Ekstratilskotet skal nyttast til generell auke av drifta ved sentralane. Tilskotet inneber ikkje krav til auke i den lokale finansieringa. Frivilligsentralane samordnar den frivillige innsatsen som privatpersonar og organisasjonar i kommunen utfører.

Meir informasjon om frivillig arbeid på departementets nettside: http://odin.dep.no/kkd/frivillig/