Historisk arkiv

Bjørg Helen Finnbakk utnemnd til prost i Salten prosti

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Sjukehusprest Bjørg Helen Finnbakk vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Salten prosti i Sør-Hålogaland bispedøme. Prostiet omfattar kommunane Fauske, Beiarn, Saltdal, Steigen og Sørfold.

Pressemelding

Nr.: 05/193
Dato: 02.12.2005
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Anne-Lise Brodtkorp, t.22 24 79 11

Bjørg Helen Finnbakk utnemnd til prost i Salten prosti

Sjukehusprest Bjørg Helen Finnbakk vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Salten prosti i Sør-Hålogaland bispedøme. Prostiet omfattar kommunane Fauske, Beiarn, Saltdal, Steigen og Sørfold.

Det er no 13 kvinner mellom dei 104 prostane i Den norske kyrkja. Bjørg Helen Finnbakk (55) er den fyrste kvinna som blir prost i Sør-Hålogaland bispedøme. Ho er utdanna sjukepleiar og teolog og har allsidig bakgrunn frå kyrkjeleg arbeid og frå helsesektoren. Ho har vore sokneprest i Båtsfjord og hatt fleire prestevikariat i Nord-Noreg. Finnbakk er no sjukehusprest ved Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen.