10 millionar kroner til digitalisering — eit viktig satsingsområde
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Pressemelding
Nr.: 129/06
Dato: 06.10.2006
10 millionar kroner til digitalisering – eit viktig satsingsområde
– Det er ei viktig oppgåve å sikre den nasjonale kulturarven, samtidig som vi tek oss inn i den digitale tidsalderen, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
I budsjettforslaget for 2007 er det gjort framlegg om ei løyving på 10 millionar kroner til digitalisering. Midlane går til ABM-utvikling, Nasjonalbiblioteket og Arkivverket, med 3 millionar kroner til kvar av institusjonane. Vidare går 1 million kroner til prosjektet Norsk Ordbok for å sikra at verket blir fullført til jubileumsåret i 2014.
– Store og små institusjonar innanfor arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet forvaltar eit eineståande dokumentasjonsmateriale som vil bli tilgjengeleg for eit mykje større publikum dersom det blir digitalisert. Å gjera det kollektive samfunnsminnet tilgjengeleg i inn- og utland via Internett handlar om å demokratisera og desentralisera kunnskapskjeldene, seier statsråd Giske.