Historisk arkiv

1,5 millionar i ekstra tilskot til Henrik Wergeland-jubileet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet gir eit ekstraordinært tilskot på kr 1 500 000 til Eidsvoll 1814. Tilskotet skal gå til førebuing av 200-årsjubileet for Henrik Wergelands fødsel i 2008.

Nr.: 196/2006
Dato: 29.12

1,5 millionar i ekstra tilskot til Henrik Wergeland-jubileet

Kultur- og kyrkjedepartementet gir eit ekstraordinært tilskot på kr 1 500 000 til Eidsvoll 1814. Tilskotet skal gå til førebuing av 200-årsjubileet for Henrik Wergelands fødsel i 2008.

Førebuingane skal skje i et samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket, Riksarkivet, Eidsvoll 1814 og Wergeland-selskapet.

- Wergeland var ein nyskapande diktar og lyrikar i verdsformat og ein samfunnsengasjert talsmann for toleranse, fridom og menneskeverd. 200-årsjubileet i 2008 gir oss høve til å gjenoppdage Wergeland. Difor er det viktig at kulturinstitusjonane kjem i gang med planlegginga av Wergeland-jubileet så snart som mogleg, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.