Historisk arkiv

1,5 millionar kroner i ekstratilskot til Norsk filmfond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet har gitt eit ekstraordinært tilskot på 1,5 millionar kroner til Norsk filmfond.

Nr.: 199/06
Dato: 29.12

1,5 millionar kroner i ekstratilskot til Norsk filmfond

Kultur- og kyrkjedepartementet har gitt eit ekstraordinært tilskot på 1,5 millionar kroner til Norsk filmfond.

- Eit viktig mål i Kulturløftet er å støtte opp om den norske filmsuksessen, seier kulturminister Trond Giske.

- Ekstratilskotet på 1,5 millionar kroner er ei stadfesting av det gode arbeidet som Norsk filmfond og den norske filmbransjen har gjort dei siste åra. Ekstratilskotet kjem i tillegg til aukinga i løyvingane til norsk film i statsbudsjettet for 2006 og 2007. Vi er på god veg til å nå målet om at det skal produserast 20 langfilmar kvart år og at minst 25 prosent av kinobesøket skal vere på norske filmar, seier kulturministeren.