18.8 millionar til satsing på språk og litteratur
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Pressemelding
Nr.: 125/06
Dato: 06.10.2006
18,8 millionar til satsing på språk og litteratur
For å fremja lesing og styrkja norsk språk er det foreslått auke mellom anna til desse tiltaka:
- Innkjøpsordningane for litteratur er auka med 2 millionar
kroner til barn og unge innan skjønn- og faglitteratur. Vidare er
det foreslått 1 million kroner i auke til innkjøp av omsett
litteratur.
- Tilskotet til bibliotekteneste i fengsel er foreslått auka med
2,5 millionar kroner.
- Prosjektet Leser søker bok, som skal gjere litteratur tilgjengeleg for alle, får ein auke på 0,6 mill. kroner til vidareføring av prosjektet.
- Til litteraturfestivalar gjennom Norsk kulturfond er det
foreslått ein auke
på 0,5 millionar kroner, og Kapittelfestivalen får ein auke på 0,4 millionar. - Til kvar av bokbyane Fjærland og Skagerak er det foreslått ein
auke på 0,1 millionar kroner.
- Norsk Forfattersentrum får ein auke på 0,8 millionar kroner og tilskotet til Agenda X blir auka med 0,3 millionar kroner
- I budsjettforslaget for 2007 blir eingongstilskotet til Noregs
Mållag på 0,5 millionar kroner i 2006 vidareført til prosjekt som
kan stimulere til auka bruk av nynorsk.
- Vidare er det i 2006 etablert ei konsulentteneste for offentleg
språkbruk som ein del av Språkrådets sekretariat. Det er gjort
framlegg om ei styrking på 1 million kroner for 2007 til vidare
utbygging av tenesta.
Det er også sett av 6 millionar til vidareføring av ulike Ibsen-prosjekt, og 3 millionar til Ibsen-pris og Ibsen-stipend (Sjå eiga pressemelding).