Budsjettet følgjer opp til Stavanger 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Pressemelding
Nr.: 143/06
Dato: 06.10.2006
Budsjettet følgjer opp til Stavanger 2008
Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber ein auke til ulike kulturtilbod i Rogaland på 31,6 millionar kroner.
- Regjeringa har i budsjettframlegget lagt inn 40 millionar kroner til Stavanger 2008. Det er ein auke på 20 millionar kroner i høve til 2006. Løyvingane til Stavanger 2008 er i rute, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Etter framlegget vil Stavanger Symfoniorkester få ein auke på 3,46 millionar kroner. Orkesteret har ein avtale med Stavanger 2008 om å etablera kyrkjemusikkensemblet Sounds From The Cathedral.
I tillegg får Rogaland Teater ein auke på 1,8 millionar kroner og Haugesund Teater 0,7 millionar kroner.
Stavanger Museum får ein auke på 1,2 millionar kroner, 0,7 millionar kroner til Jærmuseet og 0,6 millionar kroner til Ryfylkemuseet.
Kapittelfestivalen i Stavanger vil etter budsjettforslaget få 0,5 millionar kroner i fast tilskot over statsbudsjettet.
Media:
I budsjettframlegget er foreslått eit tilskot til
Filmfestivalen i Haugesund på totalt 0,5 millionar kroner. Av dette
skal 0,1 millionar kroner nyttast til å utvida festivalen med ein
marknad for samproduksjonar.