Kulturtiltak i Vestfold får fast støtte
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Pressemelding
Nr.: 150/06
Dato: 06.10.2006
Kulturtiltak i Vestfold får fast støtte
Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber ein auke til ulike kulturtilbod i Vestfold med vel 5 millionar kroner.
Tre nye kulturtiltak i Vestfold er foreslått med faste tilskot: Vestfold Festspillene med to millionar kroner, Thor Heyerdahl-instituttet med ein million kroner og Stella Polaris med 0,5 millionar kroner.
- Vestfold Festspillene formidlar musikk av høg kvalitet til eit stort publikum.
Regjeringas mål er å fremje det regionale kulturlivet for å auke mangfaldet og nyskapinga i Noreg. Difor styrkjer vi tilskota til kulturinstitusjonar i Vestfold, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Auken til kulturinstitusjonar i Vestfold er fordelt slik:
0,5 millionar til Preus museum
0.26 millionar kroner til Haugar Vestfold Kunstmuseum
0.19 millionar kroner til Vestfold fylkesmuseum
0,18 millionar kroner til Nord-Jarlsbergmusea
0,23 millionar kroner til Sandefjordmusea
- Kulturlyftet betyr at ein satsar på kultur i Vestfold. Det
skal koma alle til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond
Giske.
Mange andre ordningar under Kulturrådet vil også koma Vestfold til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.