Historisk arkiv

Kunstnarane får rett til vederlag ved vidaresal av kunstverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Frå 1. januar 2007 vil opphavsmannen til eit verna kunstverk få rett til vederlag ved profesjonelle vidaresal av originaleksemplar av verket (følgjerett). Samstundes vert grunnlaget for kunstavgifta utvida og avgiftssatsen justert til same nivå som den alminnelege satsen for følgjeretten, 5 %.

Pressemelding

Nr.: 193/06
Dato: 22.12.06

Kunstnarane får rett til vederlag ved vidaresal av kunstverk

Frå 1. januar 2007 vil opphavsmannen til eit verna kunstverk få rett til vederlag ved profesjonelle vidaresal av originaleksemplar av verket (følgjerett). Samstundes vert grunnlaget for kunstavgifta utvida og avgiftssatsen justert til same nivå som den alminnelege satsen for følgjeretten, 5 %.

Innføringa av følgjerett gjennomfører eit EU-direktiv. Den noverande ordninga med avgift til Bildende Kunstneres Hjelpefond vil halde fram, men slik at det ikkje skal betalast avgift for sal som er omfatta av følgjeretten.

- Med desse endringane i åndsverklova har regjeringa fått på plass eit nytt ledd i arbeidet for å betre den økonomiske situasjonen for kunstnarane. Eg er glad for at den kollektive ordninga kjem styrkt ut ved innføringa av følgjeretten, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Stortinget vedtok tysdag dei lovendringane regjeringa føreslo i Ot.prp. nr. 88 (2005-2006) og Ot.prp. nr. 101 (2005-2006). Kongen i statsråd har i dag sanksjonert lovendringane, og bestemt at dei skal gjelde frå 1. januar 2007. I tillegg er det vedteke endringar i forskrifta til kunstavgiftslova, som tek til å gjelde frå same tidspunkt.

Endringane inneber m.a. at:

  • Følgjeretten gjeld berre for sal over € 3.000
  • Følgjerett vert innført med gradvis fallande vederlagssatsar frå 5 %
  • Sal som er omfatta av følgjeretten vert friteke frå avgifta
  • Kunstavgifta vert satt til 5 %
  • Kunstavgifta vert tilpassa følgjeretten slik at også sal av kunsthandverk og fotografiske verk vert teke inn i ordninga.
  • Sal som ikkje er høgare enn kr 2 000, vert friteke frå kunstavgifta.