Historisk arkiv

Nordiske kulturministrar drøfter overgang til digitalfjernsyn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Dei nordiske kulturministrane drøfta overgangen frå analoge til digitale fjernsynssendingar på Nordisk ministerråds møte i København i dag.

Pressemelding

Nr.: 18/06
Dato: 22.03.2006
Kontaktperson: Avd.dir. Øyvind Christensen, Medieavdelinga, tlf. 907 95 192

Nordiske kulturministrar drøfter overgang til digitalfjernsyn

Dei nordiske kulturministrane drøfta overgangen frå analoge til digitale fjernsynssendingar på Nordisk ministerråds møte i København i dag.

- Under det norske formannskapet i Nordisk ministerråd har vi teke initiativ til å samle politikarar og kringkastarar for å drøfte felles problemstillingar ved overgang til digitalfjernsyn. Allmennkringkastarane står sterkt i alle dei nordiske landa, og dei vil spela ei nøkkelrolle i overgangen til digitalfjernsyn, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Kulturministeren peikar på at overgangen til digitale sendingar er eit teknologiskifte som inneber krevjande utfordringar for styresmaktene og kringkastarane i dei nordiske landa. - Styresmaktene har eit hovudansvar for å syta for at alle befolkningsgrupper klarer overgangen, og at kostnadene for publikum blir så låge som mogleg, seier kulturminister Giske.

Eit sentralt tema på møtet var korleis allmennkringkastarane kan sikra eit breiare tilbod av program og tenester slik at publikum får ein "digital meirverdi" ved overgangen til digitalfjernsyn.