Historisk arkiv

Prosjektstyringsgruppa for eit opplevingssenter for pop og rock i Trøndelag oppnemnd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet har i dag oppnemnd medlemer og varamedlemer til prosjektstyringsgruppa for eit opplevingssenter for pop og rock i Trøndelag.

Pressemelding

Nr.: 23/06
Dato: 07.04.2006
Kontaktperson: Seniorrådgjevar Ingunn Rotihaug, Kulturavd,.tlf: 22 24 80 16

Prosjektstyringsgruppa for eit opplevingssenter for pop og rock i Trøndelag oppnemnd

Kultur- og kyrkjedepartementet har i dag oppnemnd medlemer og varamedlemer til prosjektstyringsgruppa for eit opplevingssenter for pop og rock i Trøndelag. Gruppa vert leia av Kultur- og kyrkjedepartementet og er samansett slik:

Kultur-og kyrkjedepartementet

Ingunn Rotihaug, leder av styringsgruppen

Ringve Museum

Direktør Peter Andreas Kjeldsberg

Nasjonalbiblioteket

Direktør for kulturformidling Jorunn Margrethe Ødegård

Rock City Namsos

Dagleg leiar Terje Tranås

Sør-Trøndelag fk

Einingsleiar Heidi Magnussen

Trondheim kommune

Kommunaldirektør Gerhard Dalen

Nord-Trøndelag fk

Fylkeskultursjef Ragnhild Kvalø

Namsos kommune

Kultursjef Terje Adde

Prosjektstyringsgruppa får i oppgåve å utgreie og gje råd om følgjande forhold:

  • innhald i dokumentasjonsdelen, opplevingsdelen og kompetansedelen
  • organisering
  • lokalisering
  • investeringsbehov
  • driftskonsept
  • samarbeid mellom Ringve Museum og Rock City Namsos
  • samarbeid med Nasjonalbiblioteket
  • samarbeid med nettverket av regionale sentra
  • finansiering av investering og drift
  • eventuelle andre problemstillingar som styringsgruppa ser undervegs