Historisk arkiv

Rett til vederlag ved vidaresal av kunstverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår i eit høyringsnotat at opphavsmannen til eit kunstverk skal ha vederlag ved profesjonelle vidaresal av originaleksemplar av verket (følgjerett).

Pressemelding

Nr.: 20/06
Dato: 30.03.2006
Kontaktperson: Fung.informasjonssjef Siv Haugan, tlf 22 24 78 09 / 90 23 20 17

Rett til vederlag ved vidaresal av kunstverk

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår i eit høyringsnotat at opphavsmannen til eit kunstverk skal ha vederlag ved profesjonelle vidaresal av originaleksemplar av verket (følgjerett).

Forslaget til endringar i åndsverklova og lov om avgift på omsetning av biletkunst gjennomfører eit EU-direktiv om følgjerett. Den noverande kollektive ordninga under Bildende Kunstneres Hjelpefond vert ført vidare og styrkt.

Følgjeretten gjeld ikkje berre opphavsmannen, men også arvingane. Der direktivet opnar for det, foreslår departementet at vederlagssatsen vert sett til 5 %. Det vert også foreslått at avgifta på den offentlege omsetninga av biletkunst skal harmoniserast med vederlagssatsen, slik at også avgifta vert sett til 5 %.

Høringsbrev og høringsforslag.