Historisk arkiv

Teater og opera vert styrkt i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 138/06
Dato: 06.10.2006

Teater og opera vert styrkt i Møre og Romsdal

Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber ein auke til ulike kulturtilbod i Møre og Romsdal på 4,7 millionar kroner.

Teatret Vårt er ført opp med ein auke på 1 million kroner. Operaen i Kristiansund får ein auke på 0,9 millionar kroner.

- Teatret Vårt og Operaen i Kristiansund har hatt ein periode med stram økonomi. tilskotsauken vil bidra til å sikra drifta ved desse kulturinstitusjonane og gje publikum eit betre tilbod, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Auken til kulturinstitusjonar i Møre og Romsdal er fordelt slik:

Kulturkvartalet: 1,2 millionar kroner

Teatret Vårt: 1 million kroner

Operaen i Kristiansund: 0,91 millionar kroner

Nynorsk kultursentrum: 0,38 millionar kroner

Sunnmøre Museum: 0,37 millionar kroner

Nordmøre Museum: 0,28 millionar kroner

Romsdalsmuseet: 0,25 millionar kroner

Molde Internasjonale Jazzfestival: 0,16 millionar kroner

Atlanterhavsparken: 0,14 millionar kroner

Bjørnsonfestivalen: 0,04 millionar kroner

- Kulturlyftet betyr at ein satsar på kultur i Møre og Romsdal. Det skal koma alle til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. Mange andre ordningar under Kulturrådet vil også koma Møre og Romsdal til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.