Historisk arkiv

Vil ha viktige idrettshendingar på gratis fjernsyn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske sender i dag ut på høyring eit forslag om å fastsetje ei liste over viktige fjernsynsoverføringar som bør tilbyast i gratis fjernsyn.

Pressemelding

Nr.: 192/06
Dato: 19.12.2006
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, 913 46 557

Vil ha viktige idrettshendingar på gratis fjernsyn

Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske sender i dag ut på høyring eit forslag om å fastsetje ei liste over viktige fjernsynsoverføringar som bør tilbyast i gratis fjernsyn.

Fjernsynsrettane til ei rekkje idrettsarrangement blir stadig meir attraktive, og saman med nye former for betalingsfjernsyn kan det føre til at allmennkringkastarane taper i konkurransen om rettane til å sende fjernsyn frå viktige hendingar. Det er ikkje lenger så lett som før for allmennkanalane å nå fram i bodrundar. Resultatet kan bli at sendingar frå store idrettsstemne berre blir tilbodne av betalings- og tingingskanalar.

- Dei store idrettshendingane må vere for alle, ikkje berre for dei få. Difor må det sterkare tiltak til for å sikre folk flest tilgang til opplevingane, seier Giske.

Målet med listeføring er fyrst og fremst å leggje til rette for at nokre viktige hendingar framleis kan bli viste på vederlagsfritt fjernsyn. I praksis vil fastsetjinga av ein liste i kringkastingsforskrifta innebere at rettshavarar blir pålagde å tilby sendingsrettane sine til kringkastarar som sender gratis til minst 90 prosent av befolkninga. Kringkastarane må betale marknadspris for sendingsrettane. Allmennkringkastarane har likevel ikkje ei plikt etter denne ordninga til å kjøpe og sende listeførte hendingar.

Kultur- og kyrkjedepartementet har laga ei liste over arrangement som kan vere aktuelle for ei slik ordning og ber om høyringsinstansane sitt syn på denne. Lista følgjer nedanfor.

· OL, sommar- og vinterleikane, heile arrangementet

· VM og EM i fotball for menn og kvinner, semifinalar, bronsefinale og finale, dessutan alle kampar med norsk deltaking, medrekna kvalifiseringskampar.

· VM og EM i handball for menn og kvinner, semifinalar, bronsefinale og finale, dessutan alle kampar med norsk deltaking, medrekna kvalifiseringskampar.

· Cupfinalen i fotball for menn og kvinner

· VM på ski, nordiske greiner, menn og kvinner

· VM i alpint

· Holmenkollen Ski Festival

· VM i skiskyting, menn og kvinner

· VM på skøytar, menn og kvinner

Høyringssaka finn du her