Historisk arkiv

Elin Vangen utnemd til domprost i Bodø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Rådgjevar Elin Vangen vart i statsråd i dag utnemd til domprost i Bodø domprosti i Sør-Hålogaland bispedøme.

Rådgjevar Elin Vangen vart i statsråd i dag utnemd til domprost i Bodø domprosti i Sør-Hålogaland bispedøme.
Elin Vangen (46) tok teologisk embetseksamen i 1987 og vart ordinert til prest i 1988. Ho har vore rådgjevar ved bispedømekontoret i Sør-Hålogaland sidan 1999. Tidlegare har ho vore vikarprest i Lofoten i 3 ½ år og sokneprest i Saltstraumen i 7 år.

Ved denne utnemninga har Den norske kyrkja fått sin tredje kvinnelege domprost. 

Embetet som domprost inneber ansvar for å leie prestetenesta i prostiet ved sidan av å vere fast avløysar for biskopen.