Historisk arkiv

Kultur får sterkare posisjon som samfunns- og politikkområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske la i dag fram eit forslag til generell kulturlov i Ot.prp. nr. 50 (2006-2007).

– Framlegget om å innføra ei kulturlov går inn som eitt av fleire tiltak i Kulturløftet for å styrkja kulturverksemd som samfunns- og politikkområde. Føremålet med ei slik generell kulturlov er å gje kultursektoren større tyngd og klårare status som offentleg ansvarsområde, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Etter ein omfattande høyringsrunde ved årsskiftet 2006-2007 om framlegg til kulturlov, har regjeringa no lagt fram ein konkret lovtekst.

 – I høyringsrunden vart det uttrykt gjennomgåande støtte til at det skal innførast ei generell kulturlov. Det er også stor tilslutnad til dei prinsippa som ligg til grunn for lovteksten, seier Giske.

Lova skal framheva det ansvaret offentlege styresmakter har for å leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.

Det er lagt til grunn at lova skal vera enkel utan detaljerte føringar for løyvingsnivå, prioriteringar eller organisering av kulturområdet i staten, fylkeskommunar og kommunar.

Ot.prp. nr 50 (2006-2007) Om lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)