Vidaregåande opplæring inn i Den kulturelle skulesekken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 30.11.2007
Den kulturelle skulesekken skal gradvis utvidast til også å omfatte den vidaregåande skulen.
Dette er eitt av framlegga i stortingsmelding nr. 8 (2007-2008) Kulturell skulesekk for framtida som vart lagt fram i statsråd fredag.
- Vi vil leggje til rette for at 180 000 nye elevar skal få kulturtilbod i skuletida. Dette kjem i tillegg til dei om lag 620 000 elevane i grunnskulen som alt no får tilbod gjennom Den kulturelle skulesekken, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. – Målet er at utvidinga til vidaregåande skule skal fasast inn over ein treårs-periode, seier kulturministeren.
I 2007 er det sett i gong pilotprosjekt i Vest-Agder, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hedmark, Oppland og Troms. Regjeringa legg opp til at fylkeskommunane får ansvaret for den utvida satsinga.
- Fylkeskommunane vil få fleire spelemidlar for å utvide Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring. Samstundes skal det fasast inn midlar til Den kulturelle skulesekken over statsbudsjettet, seier statsråd Giske.
Stortingsmeldinga tek også til orde for at nasjonale kulturaktørar skal få ei klarare rolle og ansvar for å koordinere, drive nettverksarbeid og arbeide for å auke kvaliteten i dei ulike tilboda.