Kulturbudsjettet 2009 for Vest-Agder:
25 millionar kroner til Kilden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 119/08 | Dato: 07.10.2008
Regjeringa foreslår i statsbudsjettet ei løyving på 25 millionar kroner 2009 til bygging av Kilden, Teater og konserthus Sørlandet. Ramma for det statlege tilskotet er 408 millionar kroner.
Regjeringa foreslår i statsbudsjettet ei løyving på 25 millionar kroner 2009 til bygging av Kilden, Teater og konserthus Sørlandet. Ramma for det statlege tilskotet er 408 millionar kroner.
I tillegg foreslår regjeringa ein auke i løyvinga til Kristiansand Symfoniorkester med 3,4 millionar kroner, til om lag 36,5 millionar kroner.
Agder Teater AS får ein auke på 1,5 millionar kroner til 17,6 millionar. Regjeringa vil auke tilskotet til Sørlandets Kunstmuseum med 0,3 millionar kroner for å frigjere spelemidlar i samband med at Den kulturelle skulesekken skal utvidast til den vidaregåande skulen.
Opera Sør, Kristiansand får auka tilskotet med 500 000 kroner til nær 3,6 millionar kroner, mens Nettsted for unge kunstnere, TRAFO.no får 0,15 millionar kroner i auke, slik at samla tilskot blir vel 1,2 millionar kroner. Assitejs barne- og ungdomsfestival får auka tilskotet med 0,11 millionar til 0,2 millionar kroner.
Tilskotet til Sørnorsk filmsenter blir vidareført med 1 million kroner. Regjeringa har lagt inn 10 millionar kroner i friske midlar som dei regionale filmsentra kan søkje på.
Etter forslaget frå regjeringa vil det totale tilskotet til kultur i Vest-Agder over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett i 2009 vere på om lag 89,3 millionar kroner. Dette er ein auke på 10 prosent eller vel 8,1 millionar kroner i høve til 2008. Løyvinga til Kilden kjem i tillegg til dette beløpet.