Audun Myhre utnemnd til domprost i Kristiansand
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 33/08 | Dato: 04.04.2008
Audun Myhre (49) vart i statsråd fredag utnemnd til domprost i Kristiansand.
Audun Myhre (49) vart i statsråd fredag utnemnd til domprost i Kristiansand.
Myhre starta prestetenesta si som residerande kapellan i Oddernes og i Alta. Seinare vart han dagleg leiar av Åslia asylmottak i Alta. Han var kapellan i Evje frå 1992 til 1997.
Audun Myhre var dagleg leiar av Start Toppfotball ASA frå 1997 til 2000 samstundes som han var fengselsprest i Kristiansand kretsfengsel. Frå 2000-2006 var han rådgjevar og seinare avdelingsleiar ved Agder og Telemark bispedøme. Frå 2006 og til i dag har han vore ambulerande sjømannsprest i Europa Sør.