Geir Henrik Gravaas utnemnd til prost i Nord-Innherad prosti
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 86/08 | Dato: 27.06.2008
Prostiprest Geir Henrik Gravaas (54) vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Nord-Innherad i Nidaros bispedøme.
Prostiprest Geir Henrik Gravaas (54) vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Nord-Innherad i Nidaros bispedøme.
Gravaas har fungert som prost i til saman fem år i Nord-Innherad. Frå 2002 og fram til no har han vore prostiprest i Nord-Innherad. Han har tidlegare vore sokneprest i Beitstad, vikarprest i Nord-Innherad og kretssekretær i Nord-Trøndelag krets av Den norske sjømannsmisjon. Frå 1982 til 1990 var han res.kap. i Steinkjer. Geir Henrik Gravaas har også erfaring som journalist og kommunikasjonsrådgjevar.