Bispevalet i Bjørgvin:
Halvor Nordhaug fekk flest stemmer
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 168/08 | Dato: 20.10.2008
Rektor Halvor Nordhaug fekk flest stemmer i første runde ved avstemminga om kven som bør bli ny biskop i Bjørgvin bispedømme etter Ole D. Hagesæther.
Rektor Halvor Nordhaug fekk flest stemmer i første runde ved avstemminga om kven som bør bli ny biskop i Bjørgvin bispedømme etter Ole D. Hagesæther.
Heile 250 stemte på Halvor Nordhaug som førstekandidat. Domprost Ørnulf Elseth kom på andreplass med 54 førstestemmer. Generalsekretær Kjell Bertel Nyland fekk 32 førstestemmer og kom på tredjeplass.
Avstemmingsresultatet går no til Kyrkjerådet og landets biskopar. Desse vil få frist til 20. november med å gje sine råd til Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske om kven som bør utnemnast.
I avstemminga som no er avslutta, deltok følgjande fem grupper med stemmerett:
- prestar i offentleg kyrkjeleg stilling i Bjørgvin bispedømme
- prostane i dei andre bispedømma
- dei teologiske professorar ved dei teologiske fakulteta og rektorar ved dei praktisk-teologiske seminara
- sokneråda i Bjørgvin bispedømme
- vigsla kateketar, diakonar og kantorar i offentleg kyrkjeleg stilling i Bjørgvin bispedømme
Ole D. Hagesæther har fått avskil i nåde frå 1. januar 2009. Regjeringa vil venteleg utnemne etterfølgjaren hans i desember.
Vedlegg: oversikt over stemmefordelinga