Halvor Nordhaug fekk flest stemmer
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet
Bispevalet i Møre:
Pressemelding | Nr: 03/08 | Dato: 15.01.2008
Rektor Halvor Nordhaug fekk flest stemmer i første runde ved avstemminga om kven som bør bli ny biskop i Møre etter Odd Bondevik.
140 stemte på Halvor Nordhaug som førstekandidat. Leiar i Den norske kirkes presteforening, Ingeborg Synøve Midttømme, kom på andreplass med 62 førstestemmer. Sokneprest Berit Øksnes kom på tredjeplass med 30 førstestemmer.
Avstemmingsresultatet går no til Kyrkjerådet og landets biskopar. Desse vil få frist til 18. februar med å gje sine råd til Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske om kven som bør utnemnast.
I avstemminga som no er avslutta, deltok følgjande fem grupper med stemmerett:
- Prestar i offentleg kyrkjeleg stilling i Møre bispedømme.
- Prostane i dei andre bispedømma.
- Dei teologiske professorar ved dei teologiske fakulteta og rektorar ved dei praktisk-teologiske seminara.
- Sokneråda i Møre bispedømme.
- Vigsla kateketar, diakonar og kantorar i offentleg kyrkjeleg stilling i Møre bispedømme.
Odd Bondevik har fått avskil i nåde frå 1. mars i år. Regjeringa vil venteleg utnemne etterfølgjaren hans i mars.
Vedlegg: Oversikt over stemmefordelinga