Historisk arkiv

Halvor Nordhaug ny biskop i Bjørgvin

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Halvor Nordhaug (55) vart i statsråd i dag 28. november 2008 utnemnd til biskop i Bjørgvin bispedømme. - Nordhaug vil tilføre bispekollegiet verdfull kompetanse innan teologi og praktisk kyrkjeliv. Hans leiareigenskapar, samfunnsengasjement og gode evner som kommunikator vil nok og bli sett pris på i bispedømmet, seier statsråd Trond Giske.

Halvor Nordhaug (55) vart i statsråd i dag utnemnd til biskop i Bjørgvin bispedømme.

- Nordhaug vil tilføre bispekollegiet verdfull kompetanse innan teologi og praktisk kyrkjeliv. Hans  leiareigenskapar, samfunnsengasjement og  gode evner som kommunikator vil nok og bli sett pris på i bispedømmet, seier statsråd Trond Giske.

Halvor Nordhaug og kultur- og kyrkjeminister Trond Giske, foto: Kultur- og kyrkjedepartementet
Nordhaug har sidan 1995 vore rektor ved Praktisk-teologisk seminar ved Menighetsfakultetet. Tidlegare har han vore prest for norske studentar i utlandet i Den norske Sjømannsmisjon, teologisk konsulent i Mellomkyrkjeleg Råd, kapellan i Ås og fungerande prost i Follo. Han har òg produsert ei lang rekkje faglege artiklar og bøker. Av tillitsverv og engasjement kan nemnast: leiar av Presteforeningen sitt fagråd for homiletikk (preikelære) i to periodar, redaktør av Luthersk Kirketidende, medlem av Styringsgruppa for Liturgisk Senter 2004-2007 og nestleiar i Teologisk nemnd under Mellomkyrkjeleg Råd 2004-2007.

Nordhaug fekk overveldande støtte i første runde i røystinga. Kirkerådet og eit fleirtal av biskopane hadde òg Nordhaug på førsteplass.

Halvor Nordhaug tek over som biskop etter Ole D. Hagesæther som er gitt avskil i nåde frå 1. januar 2009.

CV for Nordhaug (pdf)

Halvor Nordhaug mottek blomster frå kultur- og kyrkjeminister Trond Giske, foto: Kultur- og kyrkjedepartementet

 

 

 

 

 

 

 




Foto: Halvor Nordhaug mottek blomster frå kultur- og kyrkjeminister Trond Giske, foto: Kultur- og kyrkjedepartementet

Nyutnemnd biskop i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug. Foto: Kultur- og kyrkjedepartementet
Foto: Nyutnemnd biskop i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug. Foto: Kultur- og kyrkjedepartementet

Høyoppløslege foto, kan fritt benyttast med fotobyline: Foto: Kultur- og kyrkjedepartementet

Bilete 1 - Nordhaug og Giske

Bilete 2 - overrekking

Bilete 3 - nyutnemnd biskop